Sport | 22. juli 2016

Tre minutt frå straffekonk

Os var einaste norske lag som tok seg til 1/8-finale. Der gjekk det mot straffekonk då motstandarane lykkast på kontring.

Tre minutt frå straffekonk
Det blei ein sjansefattig kamp i 30 varmegradar fredag morgon. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juli 2016 08:51

Os sitt G18-lag har gjort god figur i Gothia Cup denne veka, men gjekk på eit bittert tap i 1/8-finalen fredag morgon.

– Vi på sidelinja hadde byrja å førebu oss på straffespark-konkurranse etter at vi missa på ein av få store sjansar i kampen.

– Så kom ei kontring imot og kampen enda 0-1, fortel trenar Odd Jarle Hjelle.

IS Halmia gjekk vidare til kvartfinalen. Dei hadde ifølgje Hjelle henta inn tre spelarar frå A-laget, som er i 2. divisjon, før sluttspelet.

– Eg føler vi styrte spelet, men det var ein jamn kamp med få sjansar. Minuttet før baklengsmålet kom så var Øystein Takle Eide nær på å skli inn eit innlegg av Torgeir Lunde. Det er litt surt å ryka ut når vi var så nær avansement.

Solid gjennomføring av seriøse ungdomar

Os vann pulja og to av kampane i A-sluttspelet. Dei var einaste norske lag som tok seg til 1/8-finale, og har slått lag frå Sverige, Brasil, Tyskland og USA på veg mot 1/8-finalen.

På seks kampar har Os berre sleppt inn tre mål, inkludert eit sjølvmål etter ei misforståing.

– Vi har vore bunnsolide bak og spelemessig sterke. Det har vore ein veldig fin gjeng å reisa på tur med, ungdomane har vore seriøse og profesjonelle og kunne nok tatt dette endå nokre steg vidare om vi var hakket heldigare med marginane i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.