Lokal | 03. mars 2021

Tre nye smittetilfelle i samband med utbrot i barnehage

– Ikkje unaturleg, seier kommuneoverlege.

Tre nye smittetilfelle i samband med utbrot i barnehage
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. mars 2021 08:32

Bjørnafjorden kommune melder i dag om tre nye smittetilfelle.

Alle dei tre som no harfått påvist civid-19 er i tilknyting til smitteutbrotet i Flåten Naturbarnehage.

  • To barnehagebarn
  • Ein far i 30-åra

– Vi ser at viruset no har smitta vidare frå barn til føresette. Det er ikkje unaturleg, då det er vanskeleg å halda barn i isolasjon på same måte som med vaksne, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Det er i alt 7 smittetilfelle i tilknyting til barnehagen, 4 born og 3 vaksne.

35 born og 15 tilsette blei måndag sett i karantene.

Oppmodar fleire foreldre å testa seg

– Når vi ser korleis dette har utvikla seg vil vi oppmoda familiemedlemmar som ikkje har testa seg om å gjera dette. Vi har god kapasitet ved teststasjonen.

– Familiemedlemmane som søsken vil ikkje bli sett i karantene som følgje av testinga, og kan møta vener og kjente innanfor dei vanlege smittevernreglane.

Veit ikkje om det er mutert variant

Kommunen har førebels ikkje fått svar frå laboratoriet på om det er ein mutert variant av koronaviruset som har spreidd seg i barnehagen.

Minst eitt av smittetilfella ved Nore Neset ungdomsskule er påvist som sørafrikansk variant.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 34
Totalt smitta: 137
3. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
3. mars: Mann i 30-åra, far til barn i F. Naturbarnehage
2. mars: Mann i 30-åra, nærkontakt med smitta kvinne konstatert 1. mars
2. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
1. mars: Kvinne i 30-åra, tilsett i barnehage.
1. mars: Mann i 50-åra. Nærkontakt av smitta elev ved NN uskule.
26. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset uskule.
25. februar: Ungdom i slutten av tenåra, elev ved skule i Bergen.
25. februar: Kvinne i 40-åra frå same husstand som eleven frå Nore Neset.
25. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. 77 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.