Sport | 10. feb. 2011

Tre på bylaget

Tre handballjenter frå Os Turn er tatt ut til å representera på region vest sitt bylag siste helga i februar.

Tre på bylaget
Andris Hamretorsdag 10. feb. 2011 21:08

Vilde Brattabø (14), Eva Kristiansen (15) og Anna Bjørke Kallestad (14) blei onsdag tatt ut som tre av 15 jenter til å representera NHF Region Vest i den store bylagsturneringa i Stangehallen ved Hamar siste helga i februar.

Gjennom fleire samlinger saman med andre aktuelle kandidatar frå Hordaland og Sogn og Fjordane har dei tre jentene gjort sakane sine godt. Onsdag blei innsatsen belønna med plass i den endelege troppen.

- Det var utroleg gøy, seier dei tre jentene.

I tillegg til dei tre har og Benedicte Frøland Nesdal (14) vore i kampen om ein av dei 15 plassane. Ho nådde ikkje heilt opp, men er reserve om det oppstår skader i troppen fram mot turneringa.

Noko å forsvara
Bergen Bylag, som laget blir kalla, har verkeleg noko å forsvara. Dei fire siste åra har laget frå Bergen kome til finalen. I fjor tapte dei, medan dei for to år sidan gjekk heile vegen med dei to osingane Emilie Christensen og Kristine Henriksen Haaland på banen.

- Eg synes vi stiller eit godt lag, men det gjer heilt sikker dei andre regionane òg, seier Eva Kristiansen.

Den talentfulle keeperen (som var på landslagssamling i fjor haust) trur dei absolutt har noko å stilla opp med på Hedemarken og er klar for å forsvara dei gode resultata frå tidligare år.

Med sine tre spelarar er Os Turn saman med Åsane den klubben i regionen som har fått flest spelarar med i troppen. Dei siste åra har finalane i bylagsturneringa blitt vist på TV2, så no gjenstår det berre å sjå om vi får sjå osjentene som TV-stjerner sundag 27. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.