Kultur | 06. nov. 2017

Tre røvere, tre framsyningar

Våren på Oseana • Riksteateret med tre «Folk og røvere i Kardemommeby»-framsyningar.

Tre røvere, tre framsyningar
Marknads- og kommunikasjonsansvarleg, Veronica Søilen Halhjem, gler seg til tre framsyningar med Folk og røvere i Kardemommeby (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 06. nov. 2017 12:43

Programmet for våren på Oseana byrjer å ta form. Heile programmet blir lansert 2. desember, men allereie no kan marknads- og kommunikasjonssjef Veronica Søilen Halhjem gje nokre smakebiter.

– Ein av dei tinga eg verkeleg gler meg til er «Folk og røvere i Kardemommeby». Eg var så heldig å få vera på Riksteateret si premiere no i helga og snakk om å komma heim. Der var alt av den lune, varme humoren som vi kjenner frå Torbjørn Egner sitt klassiske stykke, smier Søilen Halhjem.

Løva i vikjo?

Politimester Bastian har lova å ta med seg alle folka og røvarane frå Kardemommeby til tre framsyningar i Oseana i byrjinga av februar.

– Vi snakka om at løva kanskje kunne stå i vikjo og passa på, men politimester Bastian meinte at det ikkje var så mykje å røva der, så ho blir nok med inn i salen ho også.

– Det blir tre framsyningar, to på kveldstid og ein på dagtid. Til den på dagtid, så vil det bli lagt ut skulebillettar, men framsyninga er open for alle likevel, preiserar marknadssjefen.

ABBA - Utselt og ekstraframsyning

I februar kjem også Inger Lise Rypdal, Rita Eriksen, Tommy Fredvang, Jannike Kruse og Knut Marius Djupvik med sukesshowet «Thank You For The Music: Vi elsker ABBA».

– Der er faktisk den opprinnelege framsyninga praktisk talt utseld, trass i at vi ikkje har gått aktivt ut med at dei kjem. Ekstra kjekt er det då at vi har fått plass til ein ekstrakonsert litt seinare på kveldene. Moro er det også at vi har seld så bra, sjølv om dei skal ha sama framsyning i Grieghallen i Bergen dagen etter, seier Søilen Halhjem.

Meir humor

Av dryppa marknadssjefen kjem med er det også to humoristar.

– Både Terje Sporsem, med showet Religion og Ørjan Burøe med showet Fordommar kjem i løpet av våren. Til begge showa har billettane allereie begynt å gå unna, så humor er tydelegvis noko osingane vil ha, avsluttar Søilen Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.