Lokal | 17. juli 2012

Tre skadd i Storestraumen

Tre eldre personar blei lettare skadd i ein kollisjon på E39 ved Storestraumen i dag.

Tre skadd i Storestraumen
Begge bilane sto med fronten mot Søfteland, men dei skal ha hatt kvar sin retning før kollisjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. juli 2012 11:35

Klokka 10.50 rykte ambulanse og brannvesen ut på melding om kollisjon i Hjellemarka ved Storestraumen.

To bilar, ein suzuki og ein toyota, hadde kollidert nær den krappe svingen i enden av kontrollflaten.

– Det var til saman tre personar i bilane. Alle tre er lettare skadd, opplyser brannsjef Stein Gjøsund.

Éin person blei tatt i ambulanse på båre før ny ambulanse kom til staden samtidig med politiet.

Begge bilane sto med fronten mot Søfteland etter smellen, men dei skal ha hatt kvar sin retning før samanstøyten.

Årsaka til ulykka er uvisst, men den eine bilen er truleg snurra sidelengs før samanstøyten.

Det blei ein del kø retning Bergen, medan feltet retning Os var ope meir eller mindre heile tida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.