Lokal | 07. juni 2017

Tre tatt i Mobergsbakken

Brannvesenet rykte ut til røykfylt husvære, politiet kontrollerte fleire trafikantar.

Tre tatt i Mobergsbakken
3 av 20 som blei stoppa i Mobergsbakken i går blei nokre kroner fattigare. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juni 2017 09:34

Os brannvesen rykte i går ut til ein bustad som var fylt med røyk.

– Årsaka var tørrkoking. Det var ingen opne flammar, og ingen andre skadar enn den som kom frå røyken. Vi oppretter ikkje sak på denne, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

I løpet av ettermiddagen var politiet på patrulje og avskilta nokre bilar som det var begjæring på.

I 21-tida starta dei ein trafikkontroll i Mobergsbakken.

– Her blei 20 bilar kontrollerte. To bilistar fekk forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon, ein annan fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.