Tre til legevakt
Serievinnar Lysekloster fylte opp den lokale legevakta etter prestisjeoppgjeret med Nore Neset sundag kveld.


Lysekloster sikra opprykk til 6. divisjon med siger over Søfteland for to veker sidan. Førre måndag vann dei sesongens siste heimekamp, i går spelte dei mot det einaste laget som har slått dei i år; Nore Neset.
- Sjølv om alt var avgjort blei dette ekstra spennande. Det er klart at vi ville ha revansje, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Men Nore Neset sto godt imot, og til pause sto det 0-0.
Talentfulle Nore Neset-ungdomar
Nore Neset spelte i 6. divisjon før dei for ei tid tilbake slo laget sitt saman med Søre Neset. I 2007 var stallen stor nok til at det midlertidige samarbeidet var over, og Nore Neset var laget som måtte starta på botn.
- Arne Sælensminde skal ha honnør for at han har heldt laget oppe denne tida, seier Kenneth Svenningsen.
- Eg overtok som trenar i sommar, og ungdomane som var juniorspelarar sist eg var aktiv i idrettslaget hadde utvikla seg veldig bra. Vi har no ein fin og stabil gjeng på 17-18 spelarar.
6 skåringar - 3 til legevakt
I andre omgang fekk Lysekloster det første målet.
- Kampen blei motsett av kva eg hadde trudd, vi pressa og prøvde å styra, medan dei kontra, seier Svenningsen.
Nore Neset-trenaren meiner laget hans hadde flest sjansar, men som kjent er det laget som skårar som gjer jobben best.
Og avdelingsvinnaren var effektive i angrep, brått var det 0-2 og 0-3. Gjestane leia også 4-0 før heimelaget reduserte til 1-4 og 2-4.
- Vi mangla ti mann før kampen, og måtte blant anna spela med reservekeeper som spiss i 2. omgang, seier Lsekloster-trenar Ørjan Sandal.
Dei få reservane han hadde med seg kom godt med. Lysekloster måtte senda spelarar til legevakt med ankelbrot, hjerneskaking og mistanke om leggbrot.
- Nore Neset spelte litt stygt etter at dei hamna 0-3 bak, men det var uhell, ikkje stygge situasjonar som var årsaka til skadene, seier Sandal.
Nore Neset enda på 4. plass i årets sesong, Søfteland på 3. plass og Njardar/Tysnes tok 2. plassen.
Lysekloster spelar semifinale i kampen om krinsmeistertittelen om cirka to veker (dato er førebels ikkje bestemt).
SJÅ TABELL - 7. div. avd. 2