Tre til A-sluttspel

Tre av dei sju laga frå Os kommune er vidare til A-sluttspel i Norway Cup, to andre hamna i B-sluttspel.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster-jentene gjekk på eit knepent 1-2-tap i siste kamp, og er ikkje vidare i Norway Cup, men alle laga frå Os Turn er kvalifiserte til sluttspel.

Jentelaget til Os blei puljevinnarar, og spelar første kamp i A-sluttspelet i dag.

Juniorlaget vann også siste kamp i puljespelet, Preben Borgen skåra kampens einaste mål i andre omgang mot Furuset, og Os 1 blei puljevinnarar og spelar 16-delsfinale torsdag.

Os 2 (junior) tapte 0-1 for Kurdistan tysdag kveld, og går til B-sluttspel etter å ha hamna på 3. plass i pulja.

Gutelaget, som starta med 0-5 bakleng for Mandalskameratane og 1-1 mot Åsa i neste, overbeviste med 5-0 over Nordstrand 3. Åsa tapte 0-4 for MK, dermed blei Os nummer to i pulja og er vidare i A-sluttspelet.

Os G16 2, som spelar 7ar, tapte 0-1 for Stranda i siste, men 6-1 i første kamp var nok til å redda 3. plass og vidare kjemping i B-sluttspelet.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11