Sport | 22. sep. 2019

Tredje tap på rad

– Det er tungt å svelgja, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Tredje tap på rad
Lysekloster tapte borte for Fana. Her i heimekampen i vår, som òg gjekk i favør Fana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. sep. 2019 08:39

Laurdag spelte Lysekloster bortekamp mot Fana. På heimebane tapte dei 0-2, også i går blei det tap.

– Vi har lagt tapet for Fyllingsdalen bak oss, hatt ei god treningsveke og stilte heiltente til kamp. Dessverre fekk vi ein dårleg start, på ein glipp av oss, og var for ivrige i måten vi jaga utlikning på, seier Ruben.

Etter første omgang blei dei einige om å køyra nokre fleire trekk før dei gjekk i angrep. Utlikninga kom, men så hamna dei under 4-1.

Fana - Lysekloster 5-3 (1-0)
Målskårarar, Lysekloster: Simen August Næss 3 (49., 78. og 90.)

Simen Næss er oppe i 23 mål, 5 mål framfor Maid Memic (Djerv 1919) på toppskårarlista.

– Eg synest vi gir vekk fleire av måla for billig, på enkle og unødvendige personlege feil, ting vi normalt ikkje gjer.

Vil jobba vidare som eit topplag

Lysekloster ligg no på 5. plass på tabellen, 11 poeng bak serieleiar Vard Haugesund, som i går slo Fyllingsdalen 6-1.

– Det er tungt å svelgja, både at vi har tapt tre kampar på rad, og at vi ligg så langt bak toppen. Det må eit mirakel til for at vi skal nå målsetnaden om opprykk (det er berre 15 poeng igjen å kjempa for).

– No ønskjer eg at vi skal jobba vidare som eit topplag og kjempa om best mogleg plassering, vi skal ikkje resignera verken på trening, i garderoben eller i kamp.

Lysekloster speler sine siste fem kampar mot Sogndal 2 (heime), Valdres (borte), Brann 2 (heime), Strømsgodset 2 (borte) og Os (heime) i serieavsluttinga 26. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.