Fleire av dei tilsette i butikken deltar saman med kjøpmann og handverkarar i arbeidet med ombygging. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tredobla omsetnaden og stengte dørene

Ingen Rema 1000-butikkar i Noreg selte meir enn Kuven stasjon på laurdag. Så blei det brått stengte dører. Kvifor?

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Natt til laurdag la Rema 1000 Kuven stasjon ut melding om halv pris på egg og alle varer innan kjøt og meieri.

Butikken blei ribba for varer, så stengte dei dørene.

Laurdag kveld ville ikkje kjøpmann Trond Hope kommentera verken den effektive tømminga av delar av varelageret eller kvifor eller kor lenge dei skulle ha dørene stengt.

På 1. plass i landet

Det første først; ei melding på Facebook og nokre plakatar langs vegen gjorde susen, omsetnaden laurdag 12. januar blei på tett oppunder éin million kroner, over ei tredobling samanlikna med laurdagen før.

– Det sendte oss til 1. plass på lista over Rema-butikkar med høgast omsetnad den dagen. Vi ligg normalt på topp 25, er av og til oppom 10.-12. plass, og var ein fredag i sommar på 2. plass. Men dette blei ein ekstrem dag, fortel Hope.

Allereie i 13-14-tida på dagen var hyllene sterkt prega av salsstuntet og nesten tomme.Likevel heldt det gode salet fram.

– Målet var å stenga butikken i 18-19-tida, men det var så mange kundar at vi hadde fem kassar i drift nesten heilt fram til vi i 20.30-tida fekk stengt av og byrja med ombygginga.

Opnar om ei veke

Brått sal og stenging utan opningsdato eller yttarlegare informasjon, Hope forklarer den løyndomfulle stilen.

– Konkurransen er hard i bransjen vår. Det kan vera ein fordel å halda korta tett til brystet ei stund.

– Dessutan ville vi veta at alt går etter planen før vi gjekk ut med informasjon om arbeidet og opning.

Ombygginga held fram i ei veke til, butikken opnar igjen torsdag 24. januar.

– Ei stor, men naudsynt investering

Ombygginga består i hovudsak av skifte av all kjøl og frys i butikken.

– Nye forskrifter gjer at dagens kjøl og frys uansett måtte skiftast før 2025. Dette er ei investering mange butikkar må ta, vi valte å ta den no. Januar er normalt ein månad der kundane handlar litt mindre enn elles i året.

I tillegg til lågare energiforbruk og betre lys, har ny kjøl ei hylle ekstra. Det blir ein del hyllemeter totalt.

– Dei er dessutan mindre ruvande. Saman med at vi flyttar nokre hyller litt, blir det no betre passasje i heile alleen med kjøttvarer.

Kortar ned og førebur søndagsope

Ei anna større endring er at heile kortveggen i motsett ende av kassane og inngangen blir samanhengande kjøl mjølk og mjølkevarer.

– Det hender at nye kundar seier dei ikkje finn mjølka der den står i dag. No ser dei den i det dei kjem inn, i enden av butikken. Endeveggen blir òg trekt noko nærmare, med kjølelager i bakkant og tilrettelagt for komande tilbygg med søndagsopen butikk.

Arbeidet med tilbygget er i gang og Rema får eigen søndagsopen butikk til påske.

Ny rekord i 2018

Hope har vore nær på å passera 100 millionar kroner på éin butikk før.

– I Idrettsvegen nærma vi oss for over 10 år sidan, men same år utvida vi med denne butikken.

I april i fjor stengte han og kona Ingunn butikken i Idrettsvegen, då dei ikkje fekk fornya leigekontrakten. Det gav vekst i Kuven stasjon.

– Vi passerte 106 millionar i denne butikken åleine, og hadde nesten 20 millionar i Idrettsvegen dei månadane vi hadde ope i fjor. Målet i år er 130 millionar kroner, seier Hope.

I haust utvida han opningstida i begge endar av døgnet. Å ha ope frå 6 til 24 skildrar han som ein suksess. Frå 1. januar i år har Rema òg gått over til å fylla alle varer i hyllene sjølv, i staden for at leverandørane set eigne varer på plass.

– Det krev ein innsats, men det har fungert bra så langt. Det gir oss betre kontroll.

Fleire saker