Sport | 17. mars 2012

Trekker seg frå serien

Juniorlaget til Os skal spela fleire cupar i år, men har trekt seg frå serien.

Trekker seg frå serien
Os junior i kamp i fjor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. mars 2012 07:21

– 2011 blei ein sesong med stor belastning på ein tynn juniorstall. Enkelte av spelarane var oppe i 4 lag å spela for og 50 kampar frå april til oktober. Det er for mykje, seier Terje Kvittingen frå Os Turn Fotball.

I år ser det litt likt ut. Os har 1 spelar av 93-årgang, 5-6 som er fødd i 94' og rundt 8 frå 1995-kullet. Av 15-16 spelarar i rett alder er 6 i A-stallen og fleire i U-troppen som skal vera med å bidra på Os 2.

Under juniorlaget veks ei stor og god gutegruppe, men klubben vil venta med å bruka desse på juniornivå.

– Derfor har vi no meldt laget av serien, seier Kvittingen, som vore del av trenargruppa for gute- og juniorlaget til Os dei siste åra, og no følgjer A-laget.

Speler mange juniorkampar likevel

Os sitt juniorlag har spelt på øvste nivå sidan opprykket i gullsesongen 2007, då dei blant anna blei krinsmeistrar.

I fjor klarte ikkje Os å kjempa i toppen mot Løv-Ham og Brann, i staden blei det jamt bak dei to toppklubbane og Os landa på 7. plass 6 poeng frå 3. plassen.

– Vi har i det lengste håpa på å kunna stilla juniorlag i år, både for å unngå å starta på nytt i 3. divisjon neste år, og for å vera kvalifisert til NM i 2013. Men ser at vi då hamnar i same situasjon som i fjor, og det vil vi ikkje.

– Men vi er kvalifisert til NM i år, og kjem til å delta med toppa gutar 19 i både NM, Norway Cup og andre cupar. Det blir minst 15 kampar med juniorlaget denne sesongen sjølv om vi ikkje speler serie, første cup er Varegg Cup som startar no i helga.

Kva med juniortrenar Øye?

I månadsskiftet februar-mars blei det bestemt at Frode Øye skulle overta som trenar for juniorlaget til Os. Den karrieren blei kort.

– Ja, det ser kanskje litt rart ut, men vi har heldigvis oppdrag til Frode likevel, ler Terje.

– Frode kjem til å følgja dei same spelarane, men i senior 5. divisjon, altså Os 2.

Kvittingen trur juniorane vil ha godt av denne sesongen saman med seniorane i trening og kamp.

Friskmeldt neste år

Neste år er 25-30 av dei over 45 spelarane i den sterke gutegruppa til Os klar for juniorfotball. At dei må starta i 3. divisjon treng ikkje bety at 2013-sesongen blir slapp.

– Det er opprykk halvvegs i sesongen, så Os kan klara å koma seg opp igjen i 1. divisjon allereie i 2014. Og rykker dei opp neste år så er dei kvalifisert til NM i 2014.

– Om det blir eit år utan juniorlag no så skal klubben vera friskmeldt neste år. Det er mykje å gleda seg over på fleire nivå, ikkje minst i toppen, der det er veldig god stemning og dialog frå A-lag og nedover, mellom spelarar og trenarar, seier Terje Kvittingen.

Midtsiden samleside: Os junior

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.