Sport | 22. juni 2016

Treng 100 til sykkeldugnad

Kommunen frir til idrettslaga i samband med Tour des Fjords. Treng omlag 100 personar til rigging, vertsskap og løypevakter under sykkelrittet.

Treng 100 til sykkeldugnad
Alexander Kristoff (t.v.) er ei av stjernene ein reknar med kjem til Os. Her under fjorårets ritt gjennom sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 22. juni 2016 08:27

Onsdag 31. august kjem verdsstjernene i sykkel til starten av Tour des Fjord i Os.

Via idrettsrådet gjekk kommunen i byrjinga av juni ut til idrettslaga i kommunen med forespurnad om dei vil spe på klubbkassa gjennom å jobba dugnad under arrangementet.

– Vi treng framleis fleire folk, så er det nokon som kan tenkje seg å bidra så er det berre å melde seg til leiaren i idrettslaget ditt, så melder den det vidare til idrettsrådet, seier Tom Leonsen, idrettskonsulent i Os kommune.

– Det er fint om folk melder tilbake før dei går på ferie, slik at vi får oversikten over kva vi har, og kva vi treng jobba vidare med, i god tid før arrangementet.

Ulike oppgåver

I brevet frå idrettsrådet til idrettslaga kjem det fram at ein treng

  • 15 personer à 3 timer til opprigg ca. kl. 0800-1100
  • 15 personer à 3 timer til nedrigg ca. kl. 1400-1700
  • 10 personer til vert/info/parkering kl. 0800-1600
  • 50 personer til løypevakt proffritt ca. kl. 1200-1400
  • 10 personer til løypevakt barneritt ca. kl. 1100-1300

– Om det er nokon som har tid heile dagen, så kan jo dei dekke opp fleire av oppgåvene. På den måten vil vi nok trenge noko færre folk, men jo fleire som melder seg, jo betre er det, påpeiker Leonsen.

Den lokale sykkelklubben Henie og ein representant frå Idrettsrådet er med i kommunal arbeidsgruppe og vil vera sentrale i arbeidet både før og under arrangementet.

To ganger gjennom Os

Tour des Fjords startar på Os 31. august og endar 4. september med målgang i Stavanger.

Rittet startar frå Os sentrum, og etter ein runde rundt Fanafjellet vil syklistane passere Os sentrum igjen. Etappen avsluttast i Bergen etter at dei har sykla via Trengereid og tatt ein par rundar i delar av komande VM-løypa i Bergen.

Sjå etappane her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.