Lokal | 03. mars 2015

Treng 25 nye kollegaer

E39 Svegatjørn-Rådal: Statens vegvesen bemannar opp. Skal lyse ut 25 nye stillingar.

Treng 25 nye kollegaer
Kelly Iversen, Jostein Hårklau og Geir Brekke er av dei som allereie i fleire år har jobba med Svegatjørn-Rådal. Her på befaring i Endelausemarka i fjor vår (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 03. mars 2015 13:44

Førebuingane før anleggstarten på E39 Svegatjørn - Rådal går for full maskin og på høggir. I slutten av januar var ei rekkje av moglege entreprenørar på synfaring i Kolskogen og Svegatjørn før dei no sit og reknar på tilboda dei skal gje til Statens Vegvesen.

Strekket frå Svegatjørn til Fanavegen blir truleg den største vegkontrakta i Noreg til no.

Frå 15 til 60

Kor mange som kjem til å jobba med prosjektet frå entreprenørane si side er førebels uvisst, men frå Statens Vegvesen si side byrjar tala å bli klare. Per i dag er det kring 15 tilsette på prosjektet, men før prosjektet startar vil det truleg firedoblast.

– Vi treng 50-60 medarbeidarar for å gjennomføra prosjektet.

Omlag 15 av dei vil truleg komma frå andre delar av organisasjonen, men ein planlegg òg utlysing av 25 nye stillingar.

Treng fagfolk og spesialister

Den største gruppa er kontrollingeniørar, som skal halde oppsyn med tunneldrivinga. Nokre færre blir med på oppfølging av daganlegg, betongkonstruksjonar, tunnelinnreiing og HMS-arbeid.

Det skal vidare tilsetjast fem tekniske byggjeleiarar på dei same fagområda, spesialistar på geometri og mengdekontroll, fagfolk på geoteknikk og ingeniørgeologi og kontraktspesialist, samt fagfolk på det ytre miljøet ved byggjeplassane.

- Målsettinga vår er å få eit godt lag med både nyutdanna og røynde fagfolk frå anleggsbransjen. Prosjektet gir store faglege utfordringar og vil gi gode vilkår for personleg utvikling, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.