Treng fleire bøsseberarar
- Ta ein fin sundagstur med familien, oppfordrar aksjonsleiar Tove Hille. Sundag 21. oktober går årets TV-aksjon av stabelen.
![Treng fleire bøsseberarar](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/73c17fed45141abe7128916f44ebbb52548374d3-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Årets TV-aksjon går til inntekt for Amnesty International sitt arbeid under overskrifta "Stå opp mot urett". Førstkommande sundag skal bøsseberarar over heile landet gjera sitt for å samla inn mest mogleg midlar til aksjonen.
- Som tidlegare år er det mange lag og organisasjonar som har teke på seg å gå med bøsser, men framleis er det eindel områder kor vi manglar folk, fortel lokal aksjonsleiar Tove Hille.
Les òg om då TV-aksjonen vitja Nore Øyane Skule: Eksklusivt i Nordstrøno
For å dekkje heile kommunen treng ho omlag 200 personar.
Utfordrar turfolket
Sidan lag og organisasjonar allereie er engasjerte har Hille no byrja arbeidet med å rekruttera einskilde personar.
- Nett no sit eg og ringer til nokre av dei som var med i fjor, men om det er folk som har lyst til å ta seg ein sundagstur og samtidig gjera ei god gjerning må dei gjerne ringa meg og melde seg.
- Kanskje vi skal gje ei spesiell oppfordring til turfolket og familiar, smilar Hille.
Desse områda manglar bøsseberarar
Det er eindel større områder som framleis står ubemanna på kartet til Hille, desse er:
- Søre Neset inkludert Halhjemsområdet, Lunde og Lekven
- Nore Neset/Askvik
- Søre Øyane med Røttinga, Sundøya og Bruarøya
- Lysekloster
- Hegglandsdalen med Øvredalen og Lønningdalen
- Os sentrum inkludert Hauge
Bur du i eitt av områda, eller kan tenkje deg ein tur der, kan du kontakta Tove Hille på tlf 916 72 910 eller på e-post thh@os-ho.kommune.no