Sport | 07. mai 2009

Treng fleire hestekrefter

Nye reglar gjer at Daniel Slettebakken får langt raskare motstandarar å bryna seg på. Til helga er det sesongstart.

Treng fleire hestekrefter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mai 2009 10:06

Daniel Slettebakken har vore i noregstoppen i vassjet i fleire år, men får nye utfordringar i sesongen som kjem. Årsaka er at han kjører på ein type jet som er vanleg i Europa, men ikkje så vanleg i Noreg.

Dei fleste i Noreg kjører Kawasaki eller Yamaha, medan Daniel har Hydrospace. Til no har han konkurrert med 110 hk mot kjørarar med 80 hk i stock-klassen. I år har bordet snudd.

- Stock-klassen er tatt vekk. No kjører dei med 80 hk i klassen stock light, så Daniel må opp i open klasse, seier pappa Tor Slettebakken.

Den nye regelen gjer at Daniel no skal konkurrera mot kjørarar med opptil 160 hk mellom beina.

Høgare pris
- Årsaka er at forbundet vil ha opp rekrutteringa, og Hydrospace var tidlegare ein del dyrare enn dei andre merka. No er det ikkje slik lenger, så Daniel var ikkje heilt nøgd då han fekk høyra dette.

Hydrospace kosta tidlegare 120.000 kroner, mot rundt 70.000 for ein Yamaha eller Kawasaki. No er Hydrospace nesten like billig.

- Daniel kan sjølvsagt også trimma sin jet, eller kjøpa ny, trimma versjon. Men det kostar mykje, og aukar faren for havari.

Godt førebudd
Til helga stiller både Daniel og broren Markus i første noregscup på ein innsjø i Bø i Telemark. Dei skal begge vera godt førebudd.

Markus, som var beste junior i Noreg i fjor, har kjørt fleire gongar i veka på banen i Askvik i vinter. Også i snøvêr. Daniel har blant anna vore på treningsleir i Italia i påsken.

Til helga er det Vårslepp på Os, for første gong utan vassjetkonkurranse. Men kanskje blir det vassjet i Os seinare i sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.