Lokal | 24. apr. 2010

Treng leiar

Er du over 21 år kan du bli leiar for fire 11-åringar frå Os på sommarens CISV-leir i Vejbystrand i Sverige.

Treng leiar
Gjestlørdag 24. apr. 2010 08:36

Os CISV er ei aktiv gruppe som kvart anna år arrangerar barne-/ungdomsleir på Os. Samstundes gjev dei unge Osingar sjansen til å reisa ut i verden på tilsvarande leirar.

Denne sommaren har dei blant anna ei gruppe som er invitert til Vejbystrand i Sør-Sverige. Men for at dei fire 11-åringane skal få reist på tur treng dei ein leiar.

Over 21 år og omgjengeleg
Dei to viktigste krava er at du er over 21 år og ein omgjengeleg person. Saman med dei andre leiarane og leirleiinga skal du vera med på å gje barn frå 12 land ein sommar dei seint vil gløyma.

- Vi er primært på jakt etter ei jente, men også gutar må gjerne ta kontakt, seier Linda Monsen i Os CISV.

- Årsaka til at vi først og fremst ønskjer ei jente er samansetjinga av vaksne totalt sett på leiren forklarar ho.

Sjanse til å bygga internasjonalt nettverk
Ein leir som dette gjev eit godt grunnlag for å bygga seg eit internasjonalt nettverk. Fleire som har vore på leir tidlegare held kontakten med dei som dei møtte på leiren.

Dermed skaffar du deg eit kontaktnett over heile verda som du kan nytta om du skal ut å reise eller om du får deg ein jobb med internasjonalt preg. Ikkje minst lærer du deg om forskjellige kulturar, noko som kan vera nyttig.

Fire veker i ei «boble»
- Når du reiser på ein CISV-leir går du inn i eit eiget univers. Vi søv, et og bur saman meir eller mindre samanhengande i fire veker. Som leiar får du ei frihelg midt i opphaldet, når ungane er på besøk hos ein vertsfamilie og ein dag når det er «leiarens fridag».

Ellers er du saman med ungane og dei andre leiarane kvar dag. Dagane på leir følgjer elles eit velprøvd program som er likt frå leir til leir og år til år, fortel Monsen som sjølv var leiar på ein leir i USA for to år siden.

Gratis reise, opphald og oppleving
- Du får ikkje løn for å vera leiar, men du betaler sjølvsagt ikkje noko for reise eller opphaldet. Dette får du gratis i tillegg til opplevingane, avsluttar Monsen.

Har du lyst på ein spennande sommar kan du kontakta Linda Monsen på tlf 932 40 295 eller på e-post: lindamonso@hotmail.com

Fakta om leiren:

  • Vejbystrand, i Sør-Sverige
  • 2. - 29. juli
  • Barn og leiare frå Brasil, Costa Rica, Georgia, Tyskland, Storbritannia, India, Filippinene, Sverige og USA i tillegg til gjengen frå Os.
  • Juniorleiarar (16-åringar) frå Australia, Austerrike, Finland, Jordan og Sverige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.