Betre utnytting av eksisterande næringsareal er ein av strategiane i planen (ill.foto frå Kolskogen: Andris Hamre)
Betre utnytting av eksisterande næringsareal er ein av strategiane i planen (ill.foto frå Kolskogen: Andris Hamre)

Treng nær 2000 nye arbeidsplassar

Os må ifølgje ei ny utgreiing etablera 1.966 nye arbeidsplassar fram mot 2030, om prognosane slår til.

Andris Hamre
07. juli 2015 - 12:10

Os hadde i 2013 om lag 5740 arbeidsplassar fordelt på 1800 i offentleg sektor og 3940 i privat sektor.

For Os viser utkastet til den interkommunale næringsarealplanen for Os, Fusa og Samnanger, som i desse dager ligg ute til offentleg ettersyn, at «vekst i yrkesaktiv alder» gir behov for 1966 nye arbeidsplassar fram mot 2030. 

Den forventa folkeauka i same periode viser at 1166 av desse vil vera nye lokale arbeidsplassar for å dekke lokalmarknaden. Det gjer samtidig at det må etablerast 800 nye eksportretta arbeidsplassar for å sysselsetja alle innbyggjarane i kommunen i 2030.

Skilnaden på lokalmarknaden og eksportretta arbeidsplassar er at lokale arbeidsplassar primært leverer varer eller tenester til innbyggarane i eigen kommune, medan eksportretta arbeidsplassar leverer varer og tenester til heile regionen.

Mål om å ta 20 % kvart år

For å klara å møte den forventa auka har dei tre kommunane gått saman om å utarbeida ein felles interkommunal næringsarealplan for å sjå på mogleigheitene. Planen vil vera eit grunnlag for dei einskilde kommunene sitt arbeid med næringsutviklinga.

I planen kjem det fram at Bergensregionen treng 300-450 dekar nytt næringsareal kvart år. Bjørnefjordregionen sine reservar av ubygd areal er ca. 1950 dekar og  kan altså forsyne Bergensregionen i 4-6 år om utbygginga kun skjer i dei tre kommunane som i denne samanhengen er definert som Bjørnefjordsregionen. Om ein i tillegg kan stimulere til å fortette innanfor lavt utnytta tomter utan at det er til hinder for utviding av eksisterande verksemder, vil det i tillegg være mogleg å ta ut ein unytta arealreserve på 1-2 års forbruk utan å opne nye areal.

Ut frå den arealreserven som Bjørnefjordregionen har, vil det være naturleg at regionen har ein ambisjon om at dei skal kunne forsyne Bergensregionen med 20% av etterspurnaden etter næringsareal i perioden fram mot 2030, tilsvarande 60-90 dekar brutto næringsareal i året, heiter det i rapporten.

Kor bør utviklinga skje?

– Ein må søke å utnytte dagens næringsareal på ein betre måte, samt sikre utvidingsmoglegheiter for eksisterande verksemder innafor eksisterande næringsareal. Nytt næringsareal bør i størst mogleg grad knyttast til eksisterande næring. 

– Ei realistisk utvikling er ei utvikling som er i tråd med trendar og føringar som finnes for næringsutvikling i regionen. Til dømes at ein ikkje kan forvente at større arbeidsplassintensive verksemder etablerer seg der det er lite tilgang på arbeidskraft, eller at transportkrevjande verksemder etablerer seg der det er dårleg vegforbindelse, skriv Asplan Viak i rapporten.

I Os ligg dagens arealkrevjande næring stort sett lett tilgjengeleg for tungtransport, og med den vedtekne nye E39-trasèen blir tilgjenget enda betre. Det er derimot eit fåtal av næringsareala i Os som ligg i direkte tilknyting til sjø slik at moglegheitene for båttransport er avgrensa, konkluderar utgreiinga.

Korleis gå fram

Rapporten peiker på at dei tre kommunen bør trekka fram sine konkurransefortrinn i kampen om å tiltrekka seg ønska verksemder og med det klara å uppnå målsettinga om det relativt høge antalet nye arbeidsplassar fram mot 2030.

– For å trekke til seg ønska verksemder er det viktig at regionen marknadsfører seg som ein attraktiv region å drive næringsliv i. Ei viktig lokaliseringspreferanse for næringslivet er omdøme. Arbeidet med å byggje opp eit bilete av regionen som ein attraktiv plass for næringslivet vil derfor kunne vere avgjerande for om verksemder som vel å flytte til Bjørnefjordregionen.

Rapporten peiker på at dei tre kommunane har ulike styrker og svakheiter, men om ein ser dei samla, er desse styrkene viktige å trekka fram:

  • Nærleik til Bergen
  • Nærleik til Flesland og til E39 – Fv7/E16
  • Nærleik til sjø
  • Arealreserve
  • Kompetanse
  • Etablert bedriftsstruktur og kultur
  • Ønske om vekst

– Kommunane si lokalisering kan vere ein viktig styrke og nærleiken til sjø gjeld for alle kommunane. Nærleiken til Bergen gjeld i størst grad Os, men og dei andre kommunane nyt godt av å vere ein del av ein felles arbeidsmarknad i Bergensregionen. Framtidig infrastruktur kan gjere at regionen i endå større grad er del av denne felles arbeidsmarknaden, heiter det i rapporten.

Av svake sider/utfordringer trekk ein i rapporten fram:

  • Infrastruktur (veg) og kollektivtilbod (buss/båt)
  • Geografi/topografi
  • Kultur- og fritidstilbod (for lite urbanitet)
  • Manglande marknadsføring