Lokal | 18. juni 2019
Trengte assistanse
Hardangerfjordekspressen til land med redusert fart.


Kjetil Osablod Grønvightysdag 18. juni 2019 16:28
På veg frå Rosendal til Bergen, via Os, fekk MS Rygerfonn i dag problem.
– Vi kjente vibrasjon i båten, og rekna med det var tau i propellen, fortel kaptein Sigurd Sandvik.
Båten gjekk for éi maskin til land på Os. Der kom redningsdykkarar frå Os brannvesen for å hjelpa.
– Det viste seg at det ikkje var tau i propellen, men ei propellvinge som mangla.
Buss er på veg for å henta passasjerane, som skulle til Bergen, mens ny båt er sett i rute.