62 ungar i barneskulealder har denne veka ei aktiv avslutting på sommarferien. (Foto: Ørjan Håland)

Trener på fart og spenst før skulestart

Nestle-Lekene: Os Turn friidrett har samla over 60 ungdomar til tre dagar med friidrettsskule.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Ørjan Håland

Friidrettsgruppa til Os Turnforening arrangerer desse dagane «Nestle-Lekene» i Os Idrettspark, onsdag til fredag med idrett, leik og sunn mat.

– Eg har lyst å bli raskar, og då tenkte eg det var lurt å vera med på denne friidrettskulen. I tillegg er det kjekt å hoppa på madrass. Kyllingnuggets var knallgodt! synest Milian Ødegård Heilund (8).

Friidrettsskulen er for ungar i barneskulealder, fødd frå 2007 til 2013.

– Oppslutnaden er god, med 62 deltakarar. Vi har til no hatt to dagar med mykje leik og moro, sa Kent Ove Næss då Midtsiden var innom torsdag.

Seinare på dagen skulle brannvesenet koma innom deltakarane. Men først var det trening og mat.

Sushi gjekk ned på høgkant

– Det har vore god stemning, flott vêr, god mat og 13 flinke instruktørar som har gjort ein solid jobb.  

– På menyen har vi hatt sushi, noko som vart ein stor suksess, og i dag har vi kylling nuggets. Det vert også servert frukt to gonger i løpet av dagen. 

Det var i utgangspunktet meldt dårleg vêr til siste dag, fredag, så i dag disponerer friidrettsskulen også Oshallen.

– Mykje energi

Os Turn friidrett bruker instruktørar frå eigne rekkjer.

– Eg har hatt ansvar for 6-7åringene og det har vore veldig kjekt, seier Sofie Olsvold Hausberg.

–  Dei har masse flott energi og har vore kjempeflinke. Vi har hatt mange friidrett-øvingar som vi har pakka inn i leik, det har fungert godt. Stafett og konkurransar er jo alltid spennande.

– Som instruktør er det alltid litt krevjande, men eg syns at alle instruktørane har vore flinke til å motivera ungane.

Fleire saker