Sport | 30. juli 2013

Triks med Solveig

For femte året på rad arrangerer Bjørnefjorden Golfklubb golfskule med spel og golfmorro. – Vi har framleis plass til fleire, seier rektor på andre året, Solveig Helgesen.

Triks med Solveig
Rektor Solveig Helgesen "tjuvtrenar" på triksa ho skal læra elevane på golfskulen neste veke (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 30. juli 2013 10:01

I 2009 starta Samson Bjørke golfskule for ungar i alderen 6 til 14 år på Bjørnefjorden golfklubb. I fjor tok klubbens største stjerne, tidlegare noregsmeister Solveig Helgesen, over stafettpinnen som rektor for veka med golf, leik og morro på Hauge.

– Det er utruleg gjevande.

– I fjor var det om lag 40 ungar med, så langt er det 25 påmeldte, så vi har framleis plass til fleire, seier den unge rektoren.

Program heile dagen

Helgesen fortel om dagar fylt med aktivitet, instruksjon og leik.

– Vi startar klokka 08.30 med frukost før vi går ut på treningsfeltet.

– Der deler vi ungane opp i grupper på 6 til 8 deltakarar ut frå alder og ferdighetsnivå.

– Gruppene rullerer på dei forskjellige postane kor dei får prøva seg på elementa i golfspelet som putting, nærspel, lange slag og ein "leikepost", kor vi speler golf med tennisballar og nett.

– Etter lunsjen midt på dagen går nokre av gruppene ut på banen for å spela, medan andre held fram på treningsfeltet, forklarer Helgesen.

Får låna utstyr

Ein treng ikkje å ha spelt golf tidlegare for å delta.

– Har ein ikkje utstyr, så får ein låna hos oss, også etter at golfskulen er ferdig.

– Noko eg synest er ekstra gøy, er at eg møter att ein del av dei som var med for første gong i fjor på junioraktivitetane på fredagane.

– Dei viser ei idrettsglede som er heilt fantastisk, smiler golfstudenten, som 15. august reiser tilbake til USA for å gå siste året på bachlor-utdanninga og for å førebu ein ny sesong med skulelaget til Georgia State University.

Mestringsfølelse

Kvar av gruppene blir leia av to instruktørar, ein vaksen og ein av dei meir røynde juniorane.

– Kva får ungane gjennom å spela golf?

– Dei får ein høg grad av meistringsfølelse. Det er utrulig kor fort dei lærer og blir betre.

– I tillegg får dei tett oppfølging frå instruktørane og individuell oppfølging med råd og tips til korleis dei kan slå enno litt betre.

– Det er artig å sjå kor ivrige dei blir og korleis dei jublar når dei slår så langt dei ønskjer eller når dei set ballen i holet, smiler rektoren.

Fire dagar med golf

Den fire dagar lange golfskulen blir avslutta torsdag 8. august.

– Vi kjem til å gjera litt ekstra ut av det den siste dagen.

– Om det blir ferdigheitsprøvene frå golfforbundet, som vi har gjort tidlegare, eller ei sosial turnering kor to og to speler på lag, har vi ikkje heilt bestemt oss for enno, avsluttar Solveig Helgesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.