Sport | 02. sep. 2009

Trim med solgløtt

"Marlin" og "Piano" var først i mål under trimmingsseglasen tysdag, men det var "Tina for II" som tok førsteplassen.

Trim med solgløtt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. sep. 2009 20:57

- Etter fleire veker med mykje regn fekk vi eit kjærkoment besøk av sola under seglasen i går, fortel rormann på Tina for II, Svein Skoglund.

Tysdag blåste femte trimmingsseglas denne hausten ut Strøneosen i fin vind, 7 til 8 m/s sør–søraust. Dei fleste valte å redusera forseglet noko, men halda storseglet i full storleik.

Austevoll og Alholmen
"Lisa" med Paul Medhammer var kveldens startbåt, og han valte ei løype frå start i Strøneosen via Bleikja ved Kolbeinshavn, rundt bøye ved Alholmen utanfor Ervikane og til mål i Strøneosen igjen.

- Som vanleg var det nokon som satsa på å gå søraust mot Reksteren medan andre gjekk rett vest over fjorden. Det er alltid spennande å sjå kven som har gjort det beste valet, noko vi får svar på når vi nærmar oss første runding, seier Svein.

Denne gong, som fleire gongar før, såg det ut som om dei som la først legg mot Reksteren hadde ein liten fordel.

"Damene" først
Til runding hadde den største klassen tatt igjen båtane i den minste, som starta fem minutt før, så ved Bleikja var mange samla til runding.

"Lady K." med rormann Bjørn Eliassen runda først, så kom "Piano" med Sverre Holm og "Marlin" med Hermod Opstvedt rett bak.

På korrigert tid var det Tina for II med Svein Skoglund som leia.

- Spinnakarane kom opp og feltet spreidde seg på fjorden igjen. Alle hadde sine eigne meiningar om kvar det beste løpet kom til å gå.

Marlin først, Tina for II best
Ved runding Alholmen hadde "Marlin" og "Piano" kome seg framst, tett følgt av "Lady K" og "Tina for II".

Først i mål var Marlin (som måtte leggja seg til for å ta tida på resten av båtane) følgt av Piano og Tina for II.

På korrigert tid tok Tina for II førsteplassen både i den største klassen og overall.

Resultat, lys til og med 1,15
1. Lady K. (Bjørn Eliassen)
2. Akina (Leif Hetleflåt)

Resultat, lys frå og med 1,16
1. Tina for II (Svein Skoglund)
2. Piano (Sverre Holm)
3. Brigten (Harald Ingebrigtsen)
4. Ina Kristine (Janet Lepsøy)
5. Lisa (Paul Øyvind Mehammer)
6. Marlin (Hermod Opstvedt)

SJÅ HEILE RESULTATLISTA

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.