Sport | 16. aug. 2009

Trippel inspirasjon

Os har minst tre gode grunnar til ikkje å bli løvemat i måndagens bortekamp.

Trippel inspirasjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2009 20:03

Måndag kveld spelar Os sin andre kamp etter ferien, på bortebane mot Løv-Ham 2.

I årets første heimekamp for Os stilte Løv-Ham med eit sterkt andrelag, og Os-trenar Frank Hellevik både trur og håpar at dei vil gjera det same i morgon.

- Paul Addo og Efe Ehiorobo spelte ikkje frå start då Løv-Ham sitt førstelag slo Notodden i dag, så dei spelar nok mot oss i morgon. Dessutan spelte verken Kim Rune Hellesund, Ørjan Låstad, Marius Solberg, Erlend Johansen eller Kristian Mange frå start, fleire av desse er nok også aktuelle, seier ein oppglødd Hellevik etter at Tottenham sundag leika seg til siger over Liverpool.

- Eg håpar Løv-Ham stiller med eit så godt andrelag som mogleg i morgon. I vår var vi ikkje gode nok, og tapte 0-2. Måndag får vi ein test på korleis vi har utvikla oss, som spelarar og som lag.

3 gode grunnar til å ta 3 poeng
Sjølv om ikkje osingen Mats Cato Moldskred er aktuelle for andrelaget i morgon, sidan han starta for førstelaget i dag, har Os fleire gode grunnar til å laga løvepostei av motstandarane måndag kveld.

• Revansje
• Med siger i morgon har Os slått alle dei 11 motstandarene i avdelinga - på rad!
• Med siger i morgon skaffar dei seg ei luke på 10 poeng til neste lag, Tertnes, som laurdag tapte 3-6 for Norheimsund.

- Vi har ein frisk og speleklar stall å ta av, og startar i morgon utelukkande med spelarar med erfaring frå 2. divisjon.

Desse spelar frå start (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Frode Buvik, Torkel Hjertnes, Christian Almeland og Tim Henrik Sperrevik.

- Vegard Leikvoll Moberg og Preben Borgen, som starta i førre kamp, er tatt ut til fordel for Valvik og Buvik. Dette er ikkje fordi dei spelte seg ut, dei leverte veldig bra, men Tore og Frode gjorde i veka som gjekk to strålande kampar for Os 2. Det lønar seg.

På benken har Hellevik med seg: Anders S. Strønen, Baste Jonassen, Vegard Borgen, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen og Ramo Racic.

Under kan du sjå ein filmsnutt med høgdepunkta frå våren kamp mot Løv-Ham.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.