Sport | 05. mai 2014

Trøblete start

Sjølv om bilen var trøblete for rallyførar Karoline Breivik, er ho nøgd med den første NM/NC-runden.

Trøblete start
Karoline i luftig svev i første NM-runde i helga. (Privat foto)
Kari M. Lyssandmåndag 05. mai 2014 19:49

I helga blei det arrangert NM/NC-løp på Grenland Motorsportsenter.

I vinter fekk Karoline Breivik ein rallycross Toyota Starlet til disposisjon av besteforeldra.

Sensor svikta

Karoline stilte til start med sin Toyota, klar for sin første NM-runde på Grenland.

– Eg fekk ein del trøbbel med startane, bilen daua ned på kvar start, det er ein sensor som ikkje er heilt frisk, fortel Karoline.

Sjølv om bilen ikkje var heilt som den skulle klarte Karoline likevel å få to 5. tider, ein 6. tid og ei 3. tid av dei 6 startane.

Klar for neste løp

I A-finalen fekk ho 5. spor og kom samanlagt på ein 6. plass i juniorgruppa.

– Eg er veldig nøgd med helga, men det kunne nok gått mykje betre om bilen hadde vore med meg.

– No gler eg meg berre til neste NM/NC på Konsmo 31.mai og 1. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.