Trompetist fekk trampeklapp
Laurdag kjem Hans Marius Andersen med band tilbake til jazzkafeen på Oseana.
Skal du gå søndagstur på laurdag? Det kan du berre blåsa i. Laurdag for tre veker sidan var det fleire turgåarar som stivna til og sette seg ned då dei oppdaga kva som skjedde innanfor vindauga i Oseana Kafé og Restuarant - komande laurdag kjem eit av europas største trompet-talent til Mobergsneset.
Sjå video frå øvinga med Linda Farestveit, Ole Amund Gjerdvik og Knut Kristiansen i Inventarium.
Laurdag er det jazzkafé igjen, no med Hans Marius Andersen med band.
– Vi får eit etterlengta gjensyn med trompetist Hans Marius Andersen, av fleire sett på som eit av dei fremste trompet-talenta i Europa, fortel Janne Mari Hjelle.
Andersen med band har halde konsertar både i Krakow, Berlin, New York - og på Oseana.
– Sist gong han spelte på Oseana var under Osfest 2016, der han mottok trampeklapp frå ein fullstappa Oseanarestaurant.
Hans Marius og bandet hans serverer både eigne låtar og pop-perler frå andre artistar, som Fields of Gold av Sting, Human Nature og «Man in the Mirror» av Michael Jackson.
– Musikken hans blir karakterisert som instrumental pop-jazz og smooth-jazz, med andre ord blir det god stemning og gode tonar på Oseana laurdag.