Lokal | 29. mai 2012

Trudde dei slapp eksamen

Fleire elevar gliste breitt då dei såg streikevaktane utanfor Os vidaregåande skule i dag. Men smilet hang ikkje lenge.

Trudde dei slapp eksamen
F.v.: Rigmor Haugland, Torill Moberg, Tom Gausvik og Wenche Christensen på streikevakt utanfor Os vgs i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. mai 2012 09:52

I dag blei streiken trappa opp og fem medlemmar av Fagforbundet, som jobbar ved Os vgs, er tatt ut i streik.

Les òg: Fleire elevar kan få fri

I morgontimane tysdag var tre av dei streikevakt, saman med leiar for Fagfornundet i Os, Hege Bjørnør, og opplæringsansvarleg Christina Drange.

"Skal vi ha eksamen i dag, eller", lurte ein elev på då han kom mot inngangen. Han var tydeleg på kva han syntes om svaret.

– Han er ikkje den einaste. Fleire har sett opp litt av eit smil i då dei såg oss i dag, men blei tilsvarande skuffa då dei skjønte at skulen er open og at eksamen går som normalt, fortel Bjørnør.

Rektor må steppa inn

– Rektor må nok vera eksamensvakt i dag. Og han må nok også tøma boss og vaska toaletta, fortel streikevaktane.

Ein av dei som er tatt ut i streik skulle vore eksamensvakt i dag. To andre av dei streikande jobbar med reinhald.

Det er berre rektor som har lov å gjera oppgåvene til dei streikande, og vaktane i dag såg til at ingen vikarar var på veg inn på skulen.

– Rektor tok oppgåvene sist det var streik. Han er heldig at det er så fint vêr, for då er skulen lettare å halda rein.

Teknisk fri

Fem (ikkje seks, som vi først fekk opplyst) tilsette ved Os vgs er i denne runden tatt ut i streik. I tillegg blei to frå same skule, medlem av YS, tatt ut torsdag som var.

– Han eine er kontaktlærar, han andre er assistent som er vikar. Begge jobbar med tekniske fag (TIPP), så her blir ein del elevar permitterte.

Risikerer å få karakterane litt seint

Saman med Bjørnør og Drange var fire av dei sju streikande vakt i dag tidleg, Rigmor Haugland, Torill Moberg, Wenche Christensen og YS-medlem og kontaktlærar Tom Gausvik. Seinare i dag får dei avløysing av Nina Sydnes og Kenneth Rønnestad (YS).

– Sist eg var i streik, for to år sidan, var eg tatt ut frå start til slutt, til saman 11 arbeidsdagar, fortel Wenche Christensen.

Ho jobbar på kontoret og tar blant anna og fører karakterane inn i datasystemet.

– Det er greit å vera i streik, men arbeidet ligg no der og hopar seg opp til vi er tilbake. Denne gong førebudde eg meg litt, for det er ikkje berre å tasta inn karakakterane.

– Blir streiken lang risikerer elevane å få karakterane seint, men eg fekk unna mykje førebuande arbeid så det skal gå ganske raskt å registrera dei når eg er tilbake i jobb, seier Christensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.