Lokal | 19. nov. 2009

Truga igjen og igjen

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2009 09:45

Sundag i 13-tida blei ein mann pågripe og fengsla etter at han dukka opp på ei adresse og truga dei som budde der. Tysdag blei han framstilt for varetektsfengsling, politiet meinte det er stor fare for gjentaking. Men mannen gjekk fri med meldeplikt.

- I 14-tida onsdag fekk vi melding om at han var trugande igjen. Mannen blei pågripe utan dramatikk og kjørt til arresten, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

I dag eller i morgon gjer politiet eit nytt forsøk på å få mannen fengsla.

- Han blei pågripe på ei anna adresse enn sundag, men også der vi tok han i går har han vore tidlegare. Han har også besøksforbod mot dei som bur der.

Hadler-Olsen vil ikkje seia kor mange personar mannen har besøksforbod mot, men det er snakk om fleire personar.

Mannen er, i alle fall ved dei to ferskaste høva, ikkje rusa når han trugar. Dei som blir truga er verken naboar eller i familie med vedkomande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.