Truga med å drepa politibetjent
På Søfteland var det slåstkamp mellom to menn i 40-åra, i Os sentrum blei ein mann, mistenkt for tjuveri, trugande mot både tilsette, kundar og politiet.
I 14-tida laurdag blei ein mann mistenkt for nasking på ein daglegvarebutikk i Os sentrum.
– Vedkomande blei aggressiv og trugande mot både dei tilsette og kundar. Då patruljen kom fram retta han drapstrugslar mot politibetjentane, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Mannen, som er i midten av 20-åra, blei kjørt til arresten i Bergen, der han framleis sit.
Skadd i slåstkamp på Søfteland
I 4-tida natt til søndag fekk politiet melding om lekamsfornærming på Søfteland.
Ein mann skal ha blitt skadd i ansiktet. Mistenkte blei tatt med i arresten og dimittert etter avhøyr.
– Begge dei involverte er menn i 40-åra og var gjestar på ein privatfest.
Fann rifle under ransaking
Ein mann i 20-åra, som fredag blei tatt med narkotika, fekk heimen sin ransaka laurdag.
Politiet fann ikkje meir narkotika, men ei rifle som var oppbevart på ein uforsvarleg måte.
Tatt med lågpromille
Ein bilførar som blei stoppa av politiet i 3-tida natt til søndag er mistenkt for promillekjøring.
Vedkomande, ein utanlandsk mann i slutten av 20-åra, hadde truleg rett under 0,5 i promille.
UP hadde promillekontroll ved Er-An på E39 laurdag morgon. Alle dei 64 kontrollerte var edru.
Måndag morgon fekk politiet melding frå ein bilist som fortalte om vinglete kjøring av ein annan bilist,men politiet fann ikkje den mistenkte bilføraren, eller bilen.
Påkjørt hjort
Søndag morgon i 7.30-tida blei ein hjort påkjørt nær Ulven leir.
Hjorten sprang til skogs etter samanstøyten og viltkontakt blei varsla for ettersøk.