Lokal | 10. jan. 2020

Truga med «spiss gjenstand»

Mann i 40-åra pågripen og plassert i arresten.

Truga med «spiss gjenstand»
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. jan. 2020 08:47

Torsdag kveld klokka 22.45 rykte politiet ut på melding om krangel og trugslar.

– Det var fire personar i eit husvære, tre av dei skal ha vore involverte, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Det skal òg ha kome drapstrugslar, og éin av dei hadde eit skrujern i truga med.

Ingen personar blei skadd. Mannen som truga med skrujern blei pågripen og plassert i arresten.

– Dei involverte er personar som er kjente for politiet frå før. Det er oppretta sak, og vi vil ha partane inn til avhøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.