Trugar med mulkt
Arbeidstilsynet trugar med tvangsmulkt om manglar ved Oseana ikkje blir retta innan fristen.
Arbeidstilsynet har etter tilsyn kome med ei rekkje krav til kommunen om manglar som må rettast i Oseana kunst og kultursenter, mellomanna gjeld det dagslys i øvingslokala og buffetkjøkkenet.
Kommunen har i dei fleste tilfella fått frist på seg til 1. oktober, om manglane ikkje blir retta kan arbeidstilsynet gje løpande tvangsmulkt, eingong mulkt eller heilt eller delvis stengja aktiviteten i Oseana til pålegga er etterkomne.
- Vi er heilt klart ueinige i arbeidstilsynet si vurdering om at øvingsromma og buffetkjøkkenet er å sjå på som faste arbeidsplassar, seier leiar i byggekomiteen Terje Søviknes.
- Lærarane har sine arbeidspultar i dagslys og utsyn.
- Dei vil rullera på å nytte øvingromma. Den korte tida dei har undervisning med einskilde elevar eller grupper i dei spesialbygde lydtette øvingsromma meinar vi omfattast av unntaksregelen i lova.
- Det er jo nesten naturstridig at desse spesialromma skal ha vindauge, då fell mykje av poenget med dei bort, legg han til.
Korleis arbeidstilsynet ser for seg å få dagslys inn til øvingsromma og buffetkjøkkenet er ikkje klart.
- Det er ikkje mogleg å løyse problemet med dagslys, men det går ann å finne løysningar med rullering av bruken som gjer at det blir ein tilfredsstillande løysning, meiner Søviknes.
Frustrert over manglande vilje
Kommunen ba då dei fekk varsel om pålegg frå arbeidstilsynet om eit møte der dei kunne drøfta pålegga. Dette har ikkje arbeidstilsynet vore villige til.
- Det er frustrerande at arbeidstilsynet ikkje har ville stille til møte når vi har bedt om det for å få drøfta pålegga. Det kan nesten virke som om dei hadde bestemt seg allereie når dei senda varselet om pålegg, seier Søviknes.
Ber om utsett klagefrist
Han fortel at dei no vurderar å koble inn kommuneadvokaten i den videre sakshandsaminga.
- Pålegget frå arbeidstilsynet kom midt i ferietida den 30. juni med tre vekers klagefrist. Vi har bedt om å få utsett klagefristen rett og slett for å at folk skal få gjera seg ferdig med ferien og at vi får samla troppane.
- Mi anbefaling vi nok vera at vi koblar kommuneadvokaten på saka.
- Men det vi helst ønskjer er å komma i ein dialog med arbeidstilsynet og ta ei ny befaring no når bygget er ferdig slik at dei kan få sjå korleis det har blitt og ikkje berre vurdera det ut frå planar og eit nesten ferdig bygg, avsluttar Søviknes.
Dette er saka
Bakgrunn for saka er eit tilsyn gjennomførd av Arbeidstilsynet 11. mai 2011 med leiinga ved Oseana og verneombodet til stades. Tilsynet kom etter ei henvending frå Grieg Arkitektar i mars.
Arbeidstilsynet skal etter plan- og bygningslova § 21-5 gje samtykke før igangsettingsløyve blir gjeven.
Varsla pålegg
I brev av 19. mai varsla Arbeidstilsynet pålegg om retting av diverse tilhøve. Pålegga gjekk på:
- krav om dagslys og utsyn på buffetkjøkken og i fire undervisningslokaler.
- innreiing av spiserom i bygget, eller at det etablerast tilgang til tilfredsstillande lokale utanom verksemda
- innreiing av personaltoalett/toalettrom som er stort nok til å tilfredsstille funksjonskrav (HC) på kvart etasjeplan
- adskilte garderobar for kvinner og menn med tilstrekkeleg plass for oppheng av kle og lignande. Det skal vera mogleghet for å låsa inn eigendelar om naudsynt. Garderobane skal ha speil og naudsynt antall sitjeplassar til skifte av kle og skotøy.
- Vaskerom eller vaskestad, adskilt for kvinner og menn. Det skal òg stillast tilstrekkeleg og eigna dusjar til rådighet for arbeidstakarane dersom arbeidets art eller helsemessige forhold gjer det påkrevd.
- innreiing av reinhaldsrom/bøttekott på kvart nivå. Rommet skal utstyrast med utslagsvask, varmt og kaldt vann og undertykksventilerast.
- ved innreiing av kontorlandskap skal tiltak for støybekjempelse inngå. Det skal særleg leggjast vekt på innbygging av støykilder, valg av støysvakt utstyr, avskjerming av støysoner og etterklangsdemping i lokala.
Kommunen fekk frist til 1. oktober på å gjennomføre tiltak og å gje tilbakemelding til arbeidstilsynet, med ei frist 15. juni om å kome med kommentarar til dei pålegga og fristane som var gjeven.
Ikkje samd
I sitt tilsvar til arbeidstilsynet datert 14. juni skriv Christian Moe på vegne av kommunen at dei ikkje er einige i krav om dagslys når ein ser på kva aktivitetar det er snakk om.
- Buffetkjøkkenet vil berre bli brukt ved større arrangement når kapasiteten på restaurantkjøkkenet ikkje strekk til.
- Det er videre lagt til grunn at dei aktuelle tilsette ikkje skal vera på buffetkjøkkenet heile tida. Det vil vera natuleg med ei rullering mellom restauranten og buffetkjøkkenet, i tillegg vil dei tilsette ha jamnlege pausar der dei kan oppsøke lokale med dagslys og utsyn, evt gå ut, argumenterar Moe.
- Når det gjeld dei fire undervisningsromma er desse godt tilrettelagt for den aktiviteten som vert gjennomført der, hevdar Moe.
Kvar undervisningstime er på 20 minutt noko som gjer at lærerane ikkje må opphalda seg der over lengre tid noko som gjer at kommunen meiner det ikkje ligg føre brot på forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokaler §13 når det gjeld undervisningslokala.
Midlertidlig spiserom
Som ei midlertidig løysing vil kommunen nytta klassrom 402 som spiserom for alle dei tilsette i bygget (Oseana, Færingen og kulturskulen).
Rommet skal ikkje nyttast som undervisningsrom hausten 2011 og vil bli innreidd for formålet som spiserom skriv Moe i sitt svar til Arbeidstilsynet.
Ber om dialog
Os kommune stiller spørsmålteikn ved om det er naudsynt med eigne handicaptoalett (HWC) for dei tilsette då dei fleste arbeidsplassane ligg i 1. etasje kor HWC er sentralt plassert og dermed lett tilgjengeleg for alle tilsette.
Vidare meiner kommunen at forskrifta uansett ikkje kan vera slik å forstå at det må etablerast fleire HWC i bygget.
Det er per i dag ingen tilsette med slike behov, og det er i 4. etasje få arbeidsplassar, og med enkel tilgang til 1. etasje via heis, argumenterar kommunen samstundes som dei ber om ein dialog med arbeidstilsynet rundt krava som er sett til HWC.
Ein dialog ønskjer dei òg for å diskutere korleis ein kan løyse krava til garderobar og vaskestader for dei tilsette.
Meinar dei har plass nok
VIBE Reingjeringsservice har i samband med pålegget uttalt at dei vurderar dagens løysing med eit bøttekott med tilnytta lager for papir, reingjøringsmiddel og anna som tilfredsstillande for å gjera det daglege reinhaldet.
Verneombodet i VIBE meiner den sentrale plasseringa av reinhaldsrommet i nærleiken av heisen ikkje gjer det naudsynt å etablera bøttekott i kvar etasje.
Ber om utsett gjennomføringsfrist
I sitt svar til arbeidstilsynet peikar kommunen på at fleire av pålegga vil kreva endringar på sjølve bygget. Dei ber difor om at frist for gjennomføring av tiltaka blir sett til 1. januar 2012 i staden for 1. oktober.
Arbeidstilsynet held på sitt
I brev av 30. juni held arbeidstilsynet på sine varsla pålegg. Kommunen sine argument blir tilbakevist og kun for kravet om spiserom får utsett frist til 1. januar 2012. Dei andre tilhøve må vera retta innen 1. oktober.
Også kritiske til rutinane
Arbeidstilsynet rettar i sitt varsel om pålegg ein skarp kritikk til Os kommune for mangelfulle eller dårlege rutinar.
«Arbeidstilsynet Vestlandet meinar det er grunn til å setje spørjeteikn ved Os kommune sine interne rutinar, og etterleving av plan- og bygningslova, når det igjen kjem ei sak til Arbeidstilsynet nær tidspunkt for ferdigstillelse av eit kommunalt bygg.
Arbeidstilsynet viser her til manglande søknad om samtykke etter arbeidsmiljølova § 18-9 for Varafjell ressurssenter...»
I sitt svar til Arbeidstilsynet den 14. juni forsikrar kommunen at dei har teke grep i høve til dei interne rutinane og at området vil ha høg prioritet framover.