Lokal | 10. feb. 2017

Trugslar og køyring i rus

Torsdag kveld blei ein mann mistenkt for køyring i rus, fredag morgon blei ein mann bortvist då kona følte seg truga.

Trugslar og køyring i rus
Politiet sto med laser på vekta på E39 Halhjemsvegen torsdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. feb. 2017 10:56

Ingen køyrde for fort på E39 Halhjemsvegen då politiet hadde laserkontroll torsdag.

– Patruljen sto i cirka éin time frå klokka 19, på vekta på Ytre Moberg, og det var berre fin køyring og passeleg fart i retning sør, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Samtykka i beslag

Klokka 23.45 torsdag kveld blei ein mann i midten av 20-åra stoppa.

– Han er mistenkt for å ha køyrd bil mens han var påverka. Det er tatt beslag i førarkortet hans, noko han samtykka i, og han blei tatt med for utvida blodprøvetaking.

Følte seg truga

Fredag morgon blei politiet kontakta av ei kvinne som følte seg truga av mannen sin.

– Det er ikkje mistanke om bruk av vald, men vi har oppretta sak. Mannen fekk pålegg om å fjerna seg frå bustaden og begge skal inn til avhøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.