Trur sakna mann er i live
Politiet har avslutta det aktive søket. Trur Alexsander Holsen (29) er i live.
I samråd med familien gjekk politiet måndag ettermiddag ut med ei etterlysning av 29 år gamle Alexsander Holsen frå Os.
– På bakgrunn av tips som har kome inn har vi grunn til å tru at han er i live og at han befinn seg i nærområdet, seier politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.
Politiet oppfordrar framleis publikum om å ta kontakt på telefon 480 02 480 om dei har tips i saken eller om dei observerar Holsen.
Måndag kveld gjennomførte mannskaper frå Røde Kors og Norske Redningshunder fleire søk i området rundt Os sentrum, basert på nye observasjonar som var kome inn.
Jobbar med full styrke
Sjølv om politiet har avslutta det aktive søket med hjelp av Røde Kors og Norske Redningshunder, held dei fram med uforminska styrke.
– Vi jobbar vidare med full styrke, med dei mannskapa vi har til rådigheit på bakgrunn i dei tipsa som har kome inn.
– Vi har tru på at vi gjennom tipsa og den vidare etterforskinga skal klare å finna han, avslutter Fimreite.