Lokal | 30. sep. 2019

TU: Skrinlegg planane om fullstendig ferjefri E39

Statens vegvesen med forslag om å halda på nokre av ferjene mellom Trondheim og Kristiansand.

TU: Skrinlegg planane om fullstendig ferjefri E39
Eit av dei fire brualternativa over Bjørnafjorden som nyleg vart lansert. (Skisse: Prosjektgruppa OON)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 30. sep. 2019 17:07

I desse dagar skal Statens vegvesen legga fram sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for 2021.

I arbeidet med utforming av forslaget har vegvesenet tatt ein ny gjennomgang av E39 frå Kristiansand til Tronheim.

Fungerande vegdirektør, Bjørne Grimsrud, seier til Dagens Næringsliv at Statens vegvesen forlet konseptet om ein fullstendig ferjefri E39 fra Trondheim til Kristiansand, og jobbar no med alternative strategiar.

Saka er òg omtalt av Teknisk Ukeblad i dag.

Vil halda på ferjer og skyva på prosjekt

Grimsrud seier til Dagens Næringsliv at kvar ein stein blir no snudd for å vurdera auka effektivitet og reduserte kostnadar - det same om forbetra ferjetilbod er meir effektivt enn ferjefrie kryssingar på E39.

– Vi jobbar meir med enkeltstrekningar enn å tenkja ei ferdigstilling av hele prosjektet, sier Grimsrud.

– Målet er at folk skal koma fram.

• Les òg: Anbefaler ei boga flytebru

Det er ikkje kjend kva dei nye forslaga frå Statens vegvesen vil ha å seia for arbeidet med ei brukryssing over Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.