Sport | 06. sep. 2010

«Tubs» tok tabben på Trane

Heime sleit dei seg til siger over Trane, borte starta det heller ikkje så bra.

«Tubs» tok tabben på Trane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. sep. 2010 10:43

Ei skåring på overtid måtte til for at Søre Neset skulle klara 2-1 og 3 poeng i vår. Før gårsdagens bortekamp mot same lag følte dei raudkledde seg heller ikkje heilt trygge.

- Vi har respekt for Trane etter det dei presterte i vår, og på eigen bane i går var det dei som tok leiinga (15. min), fortel Morten Øvrebø.

Men Torbjørn «Tubbs» Hjelle utlikna i 27. minutt, 10 minutt seinare sørgja Anders Kinden for leiing til pause.

- Vi heldt fram i same stil som mot Apollo i førre runde, det er mykje fin fotball å sjå hos oss for tida, synes trenaren.

Robin Hjertnes, som har vore skadd i starten av sesongen, blei byta inn og auka til 1-3 og 1-4 i 55. og 63. minutt.

Remi Lindborg, som gjekk frå Fusa til Søre Neset i sommar, spelte frå start og sette inn kampens siste mål, 1.5 i 90. minutt.

Trane - Søre Neset: 1-5 (1-2)
Søre Neset frå start (4-3-3): Anders Kloven, Frank Haugland, Emilis Zilinskas, Audun Røren, Ørjan Hellesnes, Anders Kinden, Andreas Pettersen, Øystein Lien, Torbjørn Hjelle, Remi Lindborg og Tore Kinden.
Innbytarar med speletid: Kjetil Henriksen, Lars Martin Høyvik, Robin Hjertnes og Erlend Eidhammer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.