Tulla med kunstnarane
VIDEO: Ekteparet Karoline Krüger og Sigvard Dagsland heldt ein frisk minikonsert under vernissasjen for Ine Tumyr og Eilif Stene fredag kveld.
Bildeserie:
Fredag kveld var det konsert med ekteparet Karoline Krüger og Sigvard Dagsland i Oseanasalen.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Tidlegare på kvelden, klokka 18, hadde lydteknikaren deira, Eilif Stene, vernissasje i Hvelvet i Oseana saman med Ine Tumyr frå ORBO & The Longshots.
Tumyr stiller ut skulpturar, inspirert av det maritime, Stene stiller ut 26 fotografi tatt på Island i 2011.
Les òg: Med musikk og kunst i Hvelvet
– Det har vore ei glede å bringa saman desse to kunstnarane, som ikkje kjenner kvarandre frå før, men som eg har blitt kjent med kvar for seg, sa programsjef Berit Steen i Oseana.
Krüger og Dagsland sto for det musikalske innslaget under vernissasjen og opna med Dagsland-låta "Et rom i huset" før Krüger drog ei morosam fotograf-vise ut av ermet.
– Det er ei engelsk vise som Lillebjørn Nilsen har omsett til norsk, fortalte Karoline etter konserten.
Så avslutta hos og Sigvard med slageren "Ka er du redd for" - før dørene til Hvelvet og utstillinga opna.
VIDEO (04:50): Sjå delar av vernisssjen i Hvelvet fredag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.