Lokal | 30. nov. 2009

For tung for deg?

Stole skilt, stolen hengar, for mange passasjerar og for tung hengar er blant dei trafikkrelaterte episodane politiet var borti denne helga.

For tung for deg?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 30. nov. 2009 10:36

Laurdag formiddag hadde politiet promillekontroll på Ulvensletta. Alle fekk kjøra vidare, nokre få med eit eller anna muntleg pålegg.

- I 15-tida stoppa patruljen ein bil med hengar. Det viste seg at føraren hadde tyngre hengar enn kva førarkortet sa han har lov til, seier lensmann Rasmus Dalen.

Han ber samstundes folk sjekka kva tillat totalvekt på hengaren deira er, slik at dei ikkje passerer grensa dei har førarkort for.

Har du førarkort klasse B har du lov til å kjøra hengar med totaltvekt på inntil 750 kg. Det har ikkje noko å seia om hengaren er tom eller fullasta.

Du kan kjøra med tyngre hengar, men då må den ikkje ha høgare tillatt totalvekt enn bilen, og total tillat vekt på bil og hengar må ikkje vera høgare enn 3500 kg.

Her finn du oversikt over kva du har lov til å kjøra med ulike førarkortklassar.


Fann hengar
I helga fann politiet også ein stolen hengar. Denne sto parkert i Mobergslia.

- Hengaren var meldt stolen i juli. Vi tok den med inn og kontakta eigar. Den sto med skilta på, så eigar fekk den med seg.

Stole skilt
Laurdag blei det dessutan meldt om stole kjenneteikn på ein bil parkert i Os. Ser du skiltet SR 65571 er politiet glad for tips.

For mange i bilen
Natt til sundag blei det stoppa ein bil med for mange passasjerar i.

- Bilen blei stoppa i sentrum, med éin passasjer for mykje om bord. Føraren blir meldt og kan nok rekna med eit forelegg, seier Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.