Sport | 11. nov. 2016

Tung sesongstart for Sverre

Sverre Lunde Pedersen på 13. plass i Kina. Fekk det tøft i par med suverene Sven Kramer.

Tung sesongstart for Sverre
Sverre Lunde Pedersen fekk det tøft på 5000 meteren i Kina (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 11. nov. 2016 10:06

Verdseliten på skeiser starta fredag sesongen i kinesiske Harbin med 5000 meter. Sverre Lunde Pedersen gjekk ut i siste par mot skeisekongen Sven Kramer frå Nederland.

– Eg gleder meg til å komma i gang. Det er det første verdscupløpet for sesongen, så det blir spennande å sjå kor eg står samenlikna med konkurrantane.

– Det er tøffe forhold her, men eg skal freiste å få til eit godt løp med god rytme. Det er viktig å vera aktiv frå start og ikkje stå seg stiv, sa Sverre til NRK før løpet.

Sluttkøyrd

Sverre starta friskt og gjekk dei første 200 metra på 18,62, den beste opningstida på 5000 meteren fredag, men det blei relativt raskt klart at han ikkje hadde dagen. Ved tredje passeringstid låg både han og Kramer 0,8 sekund bak Jorrit Bergsma frå Nederland, som på det tidspunktet leia konkurransen.

Dette tente tydelegvis Sven Kramer som skrudde opp takta og gjekk ned rundetidene. Sverre freista å henge på og gjekk ned rundetidene på femte og sjette runde (30.3 og 30.4), men tidene spratt opp att i høge 30-runder og Sverre avslutta løpte med 34,8 på siste runde og sluttida 6.33.84, noko som berre held til ein 13. plass.

– Han er heilt sluttkøyrd og berre heng på mattene rund isen. I dag hadde ikkje Sverre dagen. Det var rett og slett ein elendig dag på jobb for Sverre, oppsummerte NRK sin ekspertkommentator Even Wetten etter løpet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.