Tung utrykking til enkel arrestasjon
Mann pågripen etter husbråk og trugslar.
I 2-tida natt til laurdag dukka fleire politipatruljar med innsatsleiar frå Bergen opp i Os sentrum.
Ein mann blei lagt i jern og tatt vekk frå staden.
– Vi fekk melding om bråk på ei adresse. Mistenkte skal ha kome med nokre trugslar før han gjekk frå staden, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Mannen skal ha vore plagsam. Det er ikkje nære relasjonar mellom han og fornærma, det skal heller ikkje ha vore fysisk konfrontasjon i eller ved bustaden han oppsøkte.
– Vitne fortel om at det var snakk om trugslar med kniv, var han væpna?
– Kniv var nemt, men våpen var ikkje årsaka til at vi rykte ut med så mykje mannskap, det var meir det han skal ha sagt før han gjekk. Vi var opptatt av å finna han og å få han med oss, men han blei pågripen utan dramatikk.
Vedkomande blei tatt med til Bergen for overnatting i arresten. Det er oppretta sak relatert til husbråket.