Tungt og lettare utstyr blei i dag flydd til toppen av Borgafjellet. (Foto: Tore Øvreeide)

Tunge løft til Borgafjellet

Flydde gravemaskin og borerigg opp i terrenget.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag formiddag har det blitt tatt nokre tyngre løft med helikopter frå Hjelle til toppen på Borgafjellet (353 moh).

– Dei har løfta både ei lita gravemaskin og ein borerigg til topps, fortel flyentusiast Tore Øvreeide frå Os Aerokklubb.

Det er Airlift som er på oppdrag for Helicon, eit selskap som har spesialisert seg på blant anna bygging og sikring av master.

– Dei skal laga ny jording til masta på toppen, eit arbeid dei har gjennomført på fleire master den siste tida. Dei starta i Trøndelag og har no kome sør til Os, seier Eivind Græsdal, trafikkoordinator hos Airlift.

Utstyret skal hentast igjen med helikopter søndag ettermiddag.

Lynet har fleire gongar slått ned i Telenor si mast på fjellet, som her, i 2012 (video).

I fjor før jul blei det, for 20. året på rad, hengt opp tre 50 meter lange lyslenker i masta.

Fleire saker