Tur og trim eller tøff konkurranse?
Søfteland TIL vil ha sambygdingane ut av sofaen og håper på ny deltakarrekord i Langedalen Opp søndag.
Søndag blir motbakkeløpet Langedalen Opp arrangert for tredje år på rad.
Løpet har to løyper, éi med start ved Joker-butikken (1,4 km/110 m høgdeforskjell), éi med start ved Vinddalsvatnet (2 km/150 m høgdeforskjell).
– I den kortaste løypa kan du velja om du vil ha tidtaking eller ikkje, altså turklasse eller konkurranseklasse. Vi føler vi har lagt godt til rette for at alle skal kunna delta, seier Andreas Søfteland.
God deltaking har det også vore, 145 første året, 100 deltakarar og ny løyperekord i fjor.
2012: 82 i turklassen, 63 i konkurranse (20 i kort løype, 43 i lang løype)
2013: 50 i turklassen, 50 i konkurranse (19 i kort løype, 31 i lang løype)
Vil ha fleire på heimebane
Andreas Søfteland, som sjølv er ein aktiv løpar, gler seg over at så mange ungdomar deltar i motbakkeløp, og at fleire familiar tar arrangementet som ein sprek søndagstur.
– Ungar og familiar frå heile Os stiller opp. Men det er ekstra kjekt å sjå sambygdingane her på Søfteland i løypa, så vi har sendt ut ein eigen invitasjon heilt lokalt.
Arrangørane lokkar også med pengepremiar til dei tre beste i lang løype, og til dei som eventuelt set løyperekord.
– Men du treng ikkje vera rask for å vinna den største pengepotten, vi trekk ut ein deltakar på startnummer som vinn ei reise til 4000 kroner, uansett klasse, fortel Søfteland fire dagar før det som i skrivande stund ser ut til å bli eit motbakkeløp i 19 varmegradar og sol.