Kultur | 21. juni 2011

Tusen takk!

Lesarinnlegg: Oseanadirektør Kim Kristoffersen takkar alle som har vitja og opptredd i Oseana dei fyste dagane.

Tusen takk!
Andris Hamretirsdag 21. juni 2011 14:16

Kjære alle dykk som tok turen til Oseana denne helga.

Heile 4500 menneske var innom dørane våre laurdag og sundag. Med i dette talet er to utselde førestillingar av HavFest à 500 personar kvar.

Fulle hus har det også vore på dei andre arrangementa – opning av Hvelv1, konserten med Søre Neset Musikklag, opptoget med The Bergen Pipe Band, kammerkonserten med Kongshauglærarane og dei to arrangementa i foajeen med Os pensjonistforening og RIO som Os Rockeklubb sto for.

Det har vore ein hektisk periode fram mot denne helga.

Drivarane av restaurant Færingen overtok kjøkkenet berre ein dag før dei skulle husa dei forventningsfulle gjestane på opningsdagen. Om ikkje det var nok, mykje av kjøkkenutstyret satt fast på toget som brann opp på Bergensbanen. Dette medførte at dei som var innom på laurdag ikkje fekk eit godt inntrykk av det Færingen kan by på. Dei var rett og slett ikkje klar til å opna og laga te noko provisorisk. Dei tilsette i restauranten beklagar dette.

I fire veker har me husa ein fantastisk gjeng som har øvd intenst for å bli ferdig til premieren av HavFest.

Eg er veldig imponert over kva dei har fått til og for ein førestilling det vart!

4 utselde kveldar seier det meste.

Unge, vaksne, profesjonelle og amatørar har fått utfolda seg på den storslåtte scenen i Oseana. Dei har tatt i bruk alle prøveromma og testa teknikken. Det har vore utroleg kjekt å ha dykk i hus.

Parallelt har me vore i ein hektisk byggefase og 70 arbeidarar har gjort sitt for å bli ferdig. Eg veit at det har bydd på store utfordringar. Takk til alle foreldre og frivillige som har stått på og ordna mykje av det praktiske også i Oseana.

Eg har blitt kjend med mange engasjerte og stolte osingar den siste tida. Eg vil rette ein spesiell stor takk til alle dei frivillige som har hjelpt oss denne helga. Utan dykk hadde me ikkje greidd å gjennomføra dei ulike arrangementa . Parkering, logistikk, omvisningar, rydding, vasking av toalett, sjauing av stolar – lista er lang over ting de har bidrege med.

På vegne av Berit, Kjetil, Janne Mari, Lennea og meg sjølv. Tusen takk!

No gler me oss til VAMP og til Osøren Blues og Jazzfestival skal overta. Eg håpar eg ser mange av dykk i helga som kjem. Vermeldinga er ikkje den beste, men ikkje fortvil – i år får de tak over hovudet.

Restaurant, Færingen har hatt ei lita veke med full drift og rutinane byrjar å setje seg. Me gler oss!

Beste helsing,

Kim Kristoffersen
Direktør
Oseana KF

P.s. Allereie i morgon, onsdag, skal vi verkeleg få testa akustikken i Oseanasalen når Krohnengen Brass Band kjem. Eg håpar mange av dykk finn vegen igjen. Det er framleis billettar ledig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.