Tuva Baggen, som tok bronse i NM-debuten i fjor, fekk sølv i år. (Foto: Frank Baggen)
Tuva Baggen, som tok bronse i NM-debuten i fjor, fekk sølv i år. (Foto: Frank Baggen)

Tuva sparka seg til NM-sølv

Karate-NM i Bærum: Etter Tiril sitt gull og Carmen sin bronse laurdag, følgde Tuva, Armin og Benjamin opp med kvar sine medaljar søndag.

Kjetil Vasby Bruarøy
27. mars 2017 - 12:38

Os Karateklubb stilte i helga med seks unge utøvarar i NM i karate i Bærum.

– Det er første gong på fleire år at vi ikkje hadde seniordeltakarar. Nokre var opptatt med skule og anna, mens Amanda Njøten var påmeldt, men bli sjuk og sette seg på tribunen, fortel trenar Cato Bruarøy.

Bruarøy er hovudtrenar for Wado-organisasjonen WIKF Norge, som stilte med representantar frå Rana, Sarpsborg, Os, Voss og Byafossen, og tok 32 medaljar. Sarpsborg blei med 9 NM-gull kåra til beste klubb (i det som er årets einaste offisielle NM).

– Dette er klubbar som møtast til treningssamlingar fleire gongar i året, og som reiser saman internasjonalt. Vi var òg samla under NM, og vann definitivt tribunen. Mange utøvarar og medlemmer frå Os er familiemedlemmar, nokre av dei har starta saman på foreldre- og barn-karate, som eg starta i Øyane for rundt 8 år sidan.

Fleire medaljar til jentene frå Os

NM starta bra med gull til Tiril Skønberg Haaland og bronse til klubbens einaste debutant i år, Carmen Bruarøy. Du må vera 12 år for å delta i NM, og Carmen fylte 12 i desember.

Tiril var nærmast uslåeleg i fleire år, og har vunne NM før. Ho var eit år vekke frå karate, men det tok ho ikkje lang tid å koma tilbake i noregstoppen.

– Tiril var ikkje heilt seg sjølv i første kamp om søndagen, men i bronsefinalen vann ho suverent 8-0. Eg fekk spørsmål frå landslagsleiinga om kven denne jenta var, fortel Cato.

Tuva Baggen, som starta med foreldre- og barn karate då ho var fem år, heldt formen ved like då ho budde i Spania og debuterte med bronse i NM i fjor. I går gjekk ho sin første finale, og klatra til sølv i år.

Ny regel gjorde finalen tøffare

Sondre Kvamsdal tok seg til bronsefinale, men hamna bak på poeng og klarte ikkje å ta igjen det tapte.

– Kvamsdal er mest vant med å leia kampane. Det har kome ein ny regel i år, for å spara tid, der den som tar første poeng vinn ved uavgjort. Det gjer at du har endå meir press på deg om du ikkje tar første poeng.

Tilsvarande var det med Benjamin Askvik Midtbø, som vann innleiande kampar 8-0 og 6-0. I finalen hamna han bak, henta seg inn til 2-2, men klarte ikkje å ta igjen det tapte mot regjerande noregsmeister.

– Benjamin slo noregsmeisteren i østlandsmesterskapet tidlegare denne sesongen, men måtte nøya seg med sølv.

– Armin har vunne NM fleire gongar og vann første kamp i kjent, suveren stil, 9-0. Også han fekk det tøft etter at motstandaren i finalen tok første poeng.

– Vi er likevel nøgd. Os reiser heim med 6 medaljar og ein 4. plass på 6 unge utøvarar, oppsummerer Cato Bruarøy.

• Midtsiden samleside: Kampsport

Les meir om

Sport Kampsport