Næringsliv | 21. okt. 2009
TV2 sjekkar venelista di
I år kan du sortera skattelista på meir enn postnummer. På få sekund rangerer TV2 alle Facebook-venane dine.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. okt. 2009 07:08
TV2.no skryt av å ha den beste skattesøk-motoren blant norske nettaviser, og i år oppdaga vi ein funksjon vi ikkje kan hugsa å ha sett før: Facebook-skattelista!
Og funksjonen er raskare og enklare enn du kanskje skulle tru. Trykk på knappen, tast inn passordet ditt, og vips, TV2 tar ein kjapp sjekk på alle i venelista di og rangerer dei etter høgast inntekt.
Kven er din mest innbringande kamerat? Her kan du sjekka