Sport | 03. aug. 2018

TV2 viser Os sin kvartfinale

Både jenter 15 og gutar 19 har tatt seg til kvartfinale i Norway Cup.

TV2 viser Os sin kvartfinale
Jubel i juniorleiren til Os. (Foto: Kristian Bødtker)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. aug. 2018 08:06

2 av 7 lag frå Os og Nore Neset er vidare i Norway Cup etter torsdagens kampar:

Dei to laga som spelte semifinale og finale i Norway Cup i fjor, 2003-årgangen med jenter på Nore Neset/Os og 2000-årgangen frå Os Fotball, har tatt seg til kvar sine kvartfinalar i årets turnering.

Nore Neset/Os J15 held fram med å halda nullen - og å skåra mål!

Dei vann torsdag 1/8-finalen mot il Bjørn heile 8-0 etter skåringar av Malin 3, Vilde 2, Lenea, Andrine og Ingeborg.

I skrivande stund (kl 10) startar kvartfinalen. Denne går mot Gjelleråsen og blir sendt på VG TV.

Vann lokaloppgjer - klar for kamp på TV2

Os G18/19 møtte Bergen Nord i det som, i Norway Cup, må reknast som eit lokaloppgjer.

Os vann 2-0 etter skåringar av Fabian Bødtker (straffe) og Simon Moberg Søvik.

Neste kamp går på bane 3 på Ekeberg, banen som TV2 har rigga seg opp for direktesending på.

Kvartfinalen blir spelt mot KFUM-Kam Oslo 1 og startar klokka 11.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.