Kultur | 22. nov. 2012

Twilight til Os

Den nye versjonen av Reisen til julestjernen kjem til Oseana for andre gong. Denne gong saman med vampyrar og varulvar.

Twilight til Os
Peter Facinelli, Christian Camargo, Kristen Stewart, Robert Pattinson og MyAnna Buring i The Twilight Saga: Breaking Dawn - Part 2 (Foto/Copyright: Summit Entertainment)
Kari M. Lyssandtorsdag 22. nov. 2012 21:32

Det er tid for å ta imot Bygdekinoen i Oseana igjen, søndag 25. november er ny kinodag i Os.

Her er filmane:

Eit juleeventyr

Sist gong den nye versjonen av Reisen til Julestjernen kom til Os, var det fullsett sal.

No får dei som ikkje fekk med seg filmen, eller dei som vil sjå han endå ein gong, ein ny sjanse.

I Nils Gaup sin versjon av Sverre Brandt sitt juleeventyr frå 1924 møter vi Vilde Marie Zeiner som Sonja.

Rolla som Sonja er Zeiner si første hovudrolle på det store lerretet, og det blei ingen liten debut; filmen er selt til over 70 land.

Mange har trudd at filmen er ein ny versjon av Reisen til julestjernen frå 1976, men regissør Nils Gaup fortel til avisa Nordlys at dette ikkje er tilfelle. Han ville laga ein film som baserer seg på det opprinnelege teaterstykket frå 1924.

Siste vampyrkapittel

Filmen for dei litt eldre denne dagen er siste film i den utruleg populære serien Twilight, Breaking Dawn part 2.

Twilight-filmane baserer seg på den bestseljande bokserien med samme namn. Serien har blitt eit fenomen over heile verda, og har fått mykje merksemd.

I Breaking dawn part 2 vaknar Bella som vampyr, og ho har aldri følt seg meir levande. Familien Cullen er komplett og det verkar som om dei no skal få ro.

På grunn av Bella og Edward sitt spesielle born, Renesmee, som er noko så sjeldan som halvt menneske og halvt vampyr, blir det alt anna enn rolege tider.

Dei står til slutt ovanfor sterke krefter som trugar med å øydelegga dei alle, og familien Cullen blir driven til å søkja hjelp hos sine vener frå ulike deler av verda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.