Sport | 16. juni 2010

Tyngste til no?

Fiskesesongen i Oselvo er i gang, førebels utan den store fangsten, men litt er det å henta. Sjå også fangststatistikk for Oselvo.

Tyngste til no?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. juni 2010 09:54

Tysdag formiddag, nokre timar etter opningsnatta, fiska Steinar Ingebrigtsen på Torbjørn Tøsdal sin rett i Spongo.

- Årets første var for min del berre 2 kilo, fortel Steinar Ingebrigtsen.

- Fisken blei tatt på sluk, legg han til.

Når laksen veg under 3 kilo blir den kalla tert. Vi skreiv først at det var ein tert Ingebrigsten har fiska, men har fått nokre reaksjonar på dette frå andre fiskarar.

«Dette er nok ei sjøaure, om du ser på prikkane på undersida av midtlinja, og på sporen», lyd dei to meldingane.

Opningsnatta blei det etter det Midtsiden kjenner til berre tatt tre aurar, alle på rundt 1 kilo.

Les òg:
Stille start i Oselvo

TIPS MIDTSIDEN
Har du eller nokon du kjenner fått fisk?
Tips Midtsiden: kjetil@midtsiden.no sms/mms 90 78 92 70

Fangst i Oselvo 2002 - 2008

Laks (fangst i kilo, snittvekt i parantes)
2002: 802 (3,2)
2003: 940 (2,7)
2004: 648 (3)
2005: 1058 (2,1)
2006: 794 (2,8)
2007: 790 (3,2)
2008: 678 (3,4)

Sjøaure/sjørøye (fangst i kilo, snittvekt i parantes)
2002: 423 (1,1)
2003: 540 (1,1)
2004: 182 (1,0)
2005: 469 (1,0)
2006: 161 (1,1)
2007: 116 (1,5)
2008: 39 (0,9)

Fangst, elvefiske i Hordaland i 2009
I alt: 7.739 kg
Laks: 4.725
Laks under 3 kg: 1.026 kg
Laks 3-7 kg: 2.765 kg
Laks over 7 kg: 934 kg
Sjøørret/røye: 3.014 kg

Kjelde: Ssb.no



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.