Næringsliv | 15. apr. 2016

Tyrkisk grillrestaurant klar for opning

Os sentrum får sin tredje nye restaurant på tre veker når Orion opnar i Fagerthun-bygget.

Tyrkisk grillrestaurant klar for opning
Innehavar var i Bergen og henta meir varer då Midtsiden var innom fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. apr. 2016 16:28

Bildeserie:

Orion satsar på kjøtt og grillrettar i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Orion satsar på kjøtt og grillrettar i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veggane er pryda av bilde frå Tyrkia. I morgon skal pappen av vindauga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veggane er pryda av bilde frå Tyrkia. I morgon skal pappen av vindauga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Orion satsar på kjøtt og grillrettar i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veggane er pryda av bilde frå Tyrkia. I morgon skal pappen av vindauga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

BT kan skriva kva dei vil om Osøyro (basert på manglande kunnskap og svake kjelder, Midtsiden kjem tilbake til dette), men trua på osingane sin appetitt er utvilsamt sterk hos mange.

No opnar den tredje nye restauranten (fjerde, om vi tar med nye Engeline) i Os sentrum på tre veker. Etter Happy Time, Engeline og iSushi er Orion nesten klar for opning.

– Vi opnar måndag, men tar truleg ei testopning i helga. Vi manglar litt varer så vi klarer ikkje køyra full meny dei første dagane, seier innehavar Yavuz Vahdettin.

Han seier spesialiteten er kjøtt. På menyen er det òg pasta, pizza og kebab.

– Det blir ein restaurant med hovudfokus på biff- og grillrettar, fortel Vahdettin, som frå før har ein restaurant på Knarvik.

Tilfeldig satsing i Os

Det var ein bekjent av Yavuz som inviterte han med til å opna restaurant i Os.

– Det var litt tilfeldig at det blei Os. Om du lager god mat har det ikkje så mykje å seia kvar du opnar opp.

Prosessen tok tid, med omregulering av det tidlegare gullsmed-lokalet frå handel til restaurant. I mellomtida overtok han heile kontrakten.

Vindauga har vore dekka av papp i lang tid. I morgon blir pappen fjerna. Veggane er pryda med bilde frå Tyrkia og innehavar håper på ein roleg start i Os sentrum.

– Det bliringa opning med brask og bram. Det meste er klart, men det tar litt tid å ta innkøyringa på eit nytt kjøkken, seier Yavuz Vahdettin dagen før første dag med test-opning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.