Sport | 21. mai 2012

Tysk kampfly over Os

VIDEO: Eurosport, modelljet av tyske Eurofighter, er eit av dei kjappaste modellflya du får. I går suste det over Ulven, og Midsiden kvalifiserte ikkje til å testa det.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. mai 2012 07:30

Bildeserie:

Små og store modellfly utstilt på Vaksinen søndag. (Foto: KVB)
Små og store modellfly utstilt på Vaksinen søndag. (Foto: KVB)
Gabriet (midten) fekk fly til 11-årsdagen i mai i fjor. (Foto: KVB)
Gabriet (midten) fekk fly til 11-årsdagen i mai i fjor. (Foto: KVB)
Her er Morten Rasmussen med sin Eurofighter-modell. (Foto: KVB)
Her er Morten Rasmussen med sin Eurofighter-modell. (Foto: KVB)
Litt akrobatikk. (Foto: KVB)
Litt akrobatikk. (Foto: KVB)
Fin landing. (Foto: KVB)
Fin landing. (Foto: KVB)
Så fekk Midtsiden prøva, men ikkje kampflyet.
Så fekk Midtsiden prøva, men ikkje kampflyet.
Laterleg lite talent: Jan Fredrik Jordal (t.h.) kopla seg inn og overtok styringa.
Laterleg lite talent: Jan Fredrik Jordal (t.h.) kopla seg inn og overtok styringa.
1 av 7

Under open dag i Os Aero klubb søndag var også mange av medlemmane med modellfly på plass.

– Dette er god trening på å bli pilot og starten for veldig mange, seier Morten Rasmussen.

– For meg blei det ikkje større fly, men det passar like greit. Eg blir lett bilsjuk og sjøsjuk, så eg kan like gjerne halda meg på bakken.

Kraft på 19 kilo

Rasmussen bur på Sandsli og er eit av 70-80 medlemmar i OAK som flyr modellfly. Med seg på Vaksinen i går hadde han ein over to meter lang og 17 kilo tung modell av det tyskproduserte kampflyet Eurofighter.

– Den har ein jetmotor med 19 kilo kraft, fortel Morten etter litt akrobatikk og nokre saftige drag over flystripa.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Ein jet får du frå rundt 15.000 kroner. Men dei fleste som byrjar med modellfly startar med eit lettare og rimelegare fly, i kompakt isopormateriale til rundt 1500 til 2000 kroner.

Les meir om Rasmussen sitt fly.

God hjelp å få

Underteikna spørte ikkje om å få testa jet-en, men fekk prøva eit av dei større nybyrjarflya, assistert av Jan Fredrik Jordal med tvilling-styring på flyet.

– Det kan vera lurt å spørja oss i klubben før du kjøper fly så du får ei radiostyring av ein type vi kan kontrollera. Så kan du øva deg i lufta og få assistanse om du mister kontrollen.

Midtsiden hadde ikkje mykje talent. Det var lett og gøy, men nødvendig med assistanse meir enn éin gong.

– Om du vil øva utan å ha modellfly kan du kjøpa radio til nokre hundre kroner og lasta ned gratis flysimulator på pc-en. Du kan bli nesten ferdig utlært framfor skjermen, dessutan er det billig og risikofritt, seier Jordal.

VIDEO: Sjå kampflyet til Morten Rasmussen fly høgt og lavt over Vaksinen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.