Tysnesfest 2018 hadde cirka 27.000 besøk, men det er likevel 5.500 færre enn i fjor. Her frå Gjerstad på fredage under årets festival. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tysnesfest gjekk 4 mill i minus

– Dette har vi rygg til å bera, seier styreleiar om det store underskotet for årets festival.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter rekordåret i fjor bemanna Tysnesfest opp for å takla eit tilsvarande besøkstal med lite køar og ei smidig gjennomføring. Dette besøkstalet gjentok seg ikkje, og då utgiftene var større i år enn i fjor, resulterer det i eit dårleg økonomisk år for festivalen.

• Les òg: 5.500 færre gjestar enn i fjor

– Festivalen i 2018 styrer mot eit underskot på om lag 4 millionar kroner, skriv Tysnesfest i ei pressemelding i dag.

Når det tidligare har vore gode økonomiske år for festivalen har det vore nytta sunt bondevett, og pengane til overs har vore sett på konto for å vera førebudd på eit dårlegare år. Ansvarleg drift over tid gjer difor at festivalen heldigvis har ryggrad til å bera årets resultat.

Eit fyrtårn i framtida

- Trass i eit dårleg år økonomisk, var Tysnesfest i år på fleire måtar den beste festivalen me har arrangert, seier styreleiar i Tysnesfest, Sigvard Madsen.

– Både leverandørar og frivillige er blitt utruleg proffe i jobben dei gjere, og det sørgjer for at alt i festivalen flyter utruleg bra.

Delar av administrasjonen er midlertidig permitert, og større delar av arbeidet gjennom vinteren må gjennomførast av styret og andre frivillige. Vinteren må nyttast til å inngå betre avtalar og finna betre løysingar slik at Tysnesfest kan fortsetta å vera eit fyrtårn på Tysnes i mange år framover.

Tysnesfest i 2019

Sjølv om ein i planlegginga av neste års festival må gå ein ekstra runde gjennom programmet, betyr ikkje det at det vært ein heilt anna festival til neste år.

- Me er meir motiverte enn nokon gong, og skal fortsetta å levera minst like gode oppleveringar for heile familien, på fleire spanande arenaer, seier Øystein Vaage, dagleg leiar i Tysnesfest.

– Det er og viktig å hugse på at me trass dårligare tal enn i 2017 faktisk hadde nærmare 27.000 besøkande i år. Det er eit tal me er svært stolte over!

Med frivillige og sponsorar på lag set me inn eit ekstra gir og gjev gass mot ein fantastisk festival andre helga i juli også neste år, seier han.

Fleire saker