Kultur | 14. feb. 2017

Tysnesfest med kjempescoop!

Alan Walker kjem til Tysnesfest 2017. Festivalleiinga har halde på hemmelegheita i nesten eit halvt år.

Tysnesfest med kjempescoop!
Alan Walker er klar for Tysnesfest (foto: Stian Andersen)
Andris Hamretirsdag 14. feb. 2017 11:13

– Alan blei booka allereie i oktober 2016, så det er ei enorm bør som no vert letta frå våre skuldrer når me endeleg kan lansera han som ein av headlinerane til festivalen vår, skriv Øystein Vaage, dagleg leiar i Tysnesfest i ei pressemelding.

Første over ein halv milliard spelingar

I september var han fyrste norske artist som fekk over ein halv milliard spelingar av sin eigen låt på Spotify.

19-åringen frå Fana har gjort ei lynkarriere. Han er født i England, men har budd i Fana utanfor Bergen mesteparten av sitt liv. I desember 2015 blei han verdskjent med singelen «Faded», som i skrivande stund er strauma nærare 600 millionar gonger på Spotify, og nesten 1 milliard gonger på Youtube.

– Me har jobba lenge og hardt for å få dette til, og er fantastisk stolte når me no kan sette Walkers namn på plakaten for Tysnesfest 2017.

I tillegg til signaturlåta «Faded» er Alan Walker mellom anna kjent for store hits som «Alone», «Sing me to sleep» og «Spectre».

I vinter skal Alan Walker turnere i storbyar som Amsterdam, Paris, Brussel, London, Milano og Munchen.

Ein av få konsertar i Noreg

Her i Norge blir Tysnesfest ein av svært få moglegheiter til å få oppleva konsert med elektronika-kometen!

– Publikummet vårt sette enormt pris på stemninga Broiler leverte i sitt show i fjor, og ikkje eingong bestemødrer- eller fedre klarte å stå i ro.

– Me kan lova at Alan Walker tek Tysnesfest til nye høgder når det er han som er siste artist ut laurdag 15. Juli! Me klarar nesten ikkje å venta!, avsluttar Vaage.

Følgjande artistar er så langt booka til Tysnesfest i sommar: Alan Walker, Highasakite, Sivert Høyem, Astrid S, Staysman&Lazz + Katastrofe, deLillos, Kim Larsen, Storm Weather Shanty Choir, Janove, Cezinando, Vamp, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, Sophie Elise-Vegard Harm og Joakim Kleve, Gunslingers, Ausekarane, Familieforetaket og De Musikalske Dvergene

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.