Kultur | 14. nov. 2018

Tysnesfest sitt først slepp

Desse tre banda speler på Gjerstad Arena i 2019.

Tysnesfest sitt først slepp
Skambankt kjem til Tysnesfest for første gong. (Foto: Eirik Halvorsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2018 18:58

Bildeserie:

D.D.E. (Foto: Line Berre)
D.D.E. (Foto: Line Berre)
Kjartan Lauritzen. (Pressefoto)
Kjartan Lauritzen. (Pressefoto)
1 av 2
D.D.E. (Foto: Line Berre)
Kjartan Lauritzen. (Pressefoto)

– Etter ein lang haust med heftig arbeid på bookingfronten kan me no endeleg avsløra tre av artistane som kjem til Tysnes andre helga i juli 2019, fortel dagleg leiar Øystein Vaage.

Kjartan Lauritzen, D.D.E og Skambankt er klare for Tysnesfest 2019.

– To av banda har vore på Tysnes før, og ikkje utan grunn har me booka dei igjen.

Både Kjartan og D.D.E laga folkefest på Gjerstad arena, og etterspurnaden frå publikum om akkurat desse har ifølgje arrangøren vore enorm.

– Skambankt har ikkje vore her før, men dei har bevist at dei høyrer heime i elitedivisjonen i norsk rock. Då høyrer dei så absolutt heime på Tysnesfest òg!

- Det er utrulig kjekt å endelig kunna gå ut med eit artistslepp. Det er ein stor milepæl kvart år, og me har mange godbitar på lager som skal sleppas i tida framover!

Om artistane:

Kjartan Lauritzen: Noregs nye rap-superhelt!

Ka, ka, ka, ka e d som skjeeer? Kjartan Lauritzen til Tysnesfest! Kjartan leverte eit fyrverkeri av ein konsert i 2017, og det var liten tvil om at han må tilbake på Gjerstad!
Det er enorm etterspurnad etter rap-kometen frå Balestrand, som på rekordtid har gått frå å vera ein heilt anonym gut frå Balestrand, til heile Noregs store superhelt innan rap.
Kjartan fekk sitt store gjennombrot med songen «Havanna» i 2015, men fekk ein endå større hit året etter med «Fredag», som er strøyma over fem millionar gongar på Spotify åleine.
Under P3 Gull i 2017 vart den no 23 år gamle artisten nominert både i klassen Årets nykommar og Årets liveartist.

I september slapp han sin sjølvproduserte EP «Fenomenet» på det bergenske kollektivet Vibbefanger, som han er ein del av. Sleppkonsertane i Bergen, Trondheim og Oslo (Rockefeller) blei utselt fleire veker i forvegen.

Kjartan Lauritzen speler på Tysnesfest laurdag 13. juli.

D.D.E

Eit av Noregs mest folkekjære band kjem tilbake til Tysnesfest i 2019. Dei går på scenen torsdag 11. juli, og me kan lova at «her bli det liv - RAI RAI»!

2018 blei eit særs tungt år for D.D.E. Låtskrivar og bandmedlem Frode Viken gjekk bort i mars, dagen etter han fylte 63 år. Mange trudde dette ville bli slutten for det populære bandet, men dei tok feil.

Trønderane gjennomførte heile den planlagde sommarturneen til 20 i stil. På to og ein halv månad selte dei 100.000 billettar! Det er klart dette gav meirsmak, så no er Bjarne Brøndbo & co klare for nok ein sommar på landevegen.

På Gjerstad arena blir det gjenhøyr med alle dei store slagerane: «Det går likar no», «Vinsjan på kaia», «Vi ska fæst», «Rai-rai» og ikkje minst «Det fine vi hadd’ sammen», som blei spelt om att og om att etter Frode Vikens altfor tidlege bortgang.

D.D.E. debuterte allereie i 1992, og i 2002 var dei det første norskspråklege bandet til å fylla Oslo Spektrum. Namsosgjengen har vore på Tysnesfest tidlegare. Men dette er eit band verken me eller vårt trufaste publikum går leie av, så no er me glade for at dei kjem tilbake.

Skambankt

Det blir full fyr på Gjerstad arena når Skambankt endeleg kjem til Tysnesfest.

9. februar sleppte hardrockbandet frå Jæren sitt sjette album, kritikarroste «Horisonten brenner». Så drog dei ut på ein omfattande Noregsturne som strekte seg frå Alta i nord til Kristansand i sør.

Frontfigur Terje Winterstø Røthing har vore på Tysnesfest ein gong før. I 2012 spelte Kaizers Orchestra til vill jubel foran ein fullsett Gjerstad arena. No kjem han tilbake med eit band som er i alle fall i sjanger er hakket råare enn Kaizers.

Skambankt gjorde sin første spelejobb så tidleg som i 1994, men det skulle ta ti år før dei ga ut sitt første album. Dei er i dag rekna som ein av Noregs pionerar innen hardrocksjangeren.
Heilt sidan den andre plata, «Eliksir», har Skambankt vore inne på Noregs nasjonale hitlister. I 2014 gjekk dei heit til topps på VG-lista med «Sirene». I 2013 stakk dei av med Spotify-prisen for «årets innovatør» under Spelemannprisen.

Skambankt speler på Tysnesfest fredag 12. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.